Disputas om bruk av smart vatn i sandsteinsreservoar

Zahra Aghaeifar har disputert med ei avhandling om auka oljeutvinning med bruk av "smart vatn" i sandsteinsreservoar.

Published Sist oppdatert
Zahra Aghaeifar
Zahra Aghaeifar

Avhandlinga har tittelen EOR by Seawater and “Smart Water” Flooding in High Temperature Sandstone Reservoirs. 

I løpet av dei siste tiåra, når det fyrste behandla injeksjonsvatnet har resultert i gradvis auka oljeutvinning, har utforskinga av denne teknikken auka. I dag har flømming av "smart vatn" (vatn med låg saltinnhald) i sandsteinsreservoar blitt sett på som det mest lovande tiltaket i nokre oljereservoar, for eksempel i den vestlege delen av norsk kontinentalsokkel. Metoden har vore gjennomtenkt med tanke på både økonomi og miljø.

Offshore sandsteinsreservoar er vanlegvis overfløymd med det mest tilgjengelege omgivande vatnet, som er sjøvatn. Hovudmål for denne doktorgraden har vore å spørje om sjøvatn kan fungere som eit smart vatn. Og dersom det er tilfelle, kva er potensialet med låg saltinnhald-EOR i tertiær modus? Eit tredje spørsmål er om modifisert sjøvatn kan oppføre seg som smart vatn i reservoaret med gradvis utvinning av olje som resultat? Og til slutt, kva injeksjonsstrategi kan nyttast for offshore sandsteinsoljereservoar med høge temperaturar?

Dette doktorgradsprosjektet undersøkte fire sandsteinsreservoar i Nordsjøen ved kvar spesifikk reservoartemperatur. Reservoara har ein temperatur over 100 °C og vart undersøkt for forskjellige EOR-potensial med bruk av smart vatn. Reservoara har forskjellig saltvassdanning frå 23.000 til 195.000 ppm, og for kvart sett av kjerneprøvar blei spesifikke saltvasssoppløysingar og injeksjonsblanding testa og samanlikna.

Zahra Aghaeifar forsvarte avhandlinga i disputas ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet 30. april 2020.