Hopp til hovedinnhold

Disputas om folkehøgskular og kristeleg nasjonalisme i Noreg

Mandag 29. november 2021 kl. 10:00-15:00,
Universitetet i Stavanger,
Kjølv Egelands hus, auditorium E-164.

Morten Øveraas, ph.d.-kandidat ved Institutt for kultur- og språkvitskap, Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, disputerar for graden Philosophiae doctor.

Publisert: Endret:

Morten Øveraas disputerar 29. november. Foto: Johnny Bratseth

Morten Øveraas vil forsvara avhandlinga «Teokratiets folkelærarar. Folkehøgskular og kristeleg nasjonalisme i Noreg ca. 1814-1905».

Prøveførelesing og disputas vil vera i Kjølv Egelands hus, auditorium E-164 frå klokka 10.00.

Prøveførelesinga, med tildelt emne, «Kristendom og politikk i Skandinavia på 1800-talet» startar klokka 10:00.

Sjølve disputasen startar klokka 12:00.

Vurderingskomitèen vil bestå av professor Narve Fulsås frå Norges arktiske universitet UIT, dosent Jakob Evertsson frå Uppsala universitet og førsteamanuensis Marie-Theres Fojuth frå Institutt for kultur- og språkvitskap, UiS.

Hovudrettleiar har vore professor Roald Berg, Institutt for kultur- og språkvitskap, UiS. Medrettleiar har vore professor Geir Skeie, Institutt for kultur- og språkvitskap, UiS.

Disputasen vert leia av professor Ingrid Nielsen, Institutt for kultur- og språkvitskap, UiS

Avhandlinga er publisert og tilgjengeleg her: Faculty of Arts and Education (UH) | UiS Scholarly Publishing Services