Doktorgrad om krypande kriser

Reidar Staupe-Delgado har forska på korleis krypande kriser kan handterast betre.

Published Sist oppdatert
Reidar Staupe-Delgado
Reidar Staupe-Delgado disputerte 15. juni 2018.

(Første gang publisert juni 2018)

Han disputerte for doktorgrada si i risikostyring og samfunnssikkerhet ved Det samfunnsvitskaplege fakultet 15. juni 2018.
I teorien er kriser som kjem gradvis enklare å handtera enn kriser som treff med full styrke. Dette fordi krypande kriser både kan oppdagast og varslas tidlegare. Det gjer det mogleg å respondere tidleg, noko som igjen kan redusere konsekvensan.

Likevel er det dessverre slik at krypande kriser sjeldan kjem på dagsorden, og krisene veks seg større medan dei blir oversett. Til slutt kan dei nå eit punkt kor dei blir vanskelege å reversere, og kor omfanga blir så omfattande at dei ikkje lenger kan forskyvast.

Utfordrande

I sitt doktorgradsprosjekt utforskar Reidar Staupe-Delgado kvifor proaktiv respons er så utfordrande ved krypande kriser. Resultata hans tyder på at det er ei oppfatning om at responsen ikkje kan komme før alvorlege konsekvensar har funne stad. Derfor treng ein å tenke nytt kring førebygging, beredskap og respons til krypande kriser.

Sjølv om det finst fleire studiar av spesifikke krypande kriser, som tørke og erosjon, er det forska svært lite på krypande kriser som overordna fenomen. Prosjektet til Staupe-Delgado er derfor eit viktig bidrag for å bane veg for å etablere krypande kriser som forskingsfelt ved å få det konseptuelle grunnlagarbeidet på plass.

Tittelen på doktorgrada er Preparedness for Slow-Onset Disasters: From Contingency Planning to Proactive Disaster Response.

Om kandidaten

Reidar Staupe-Delgado er frå Sveio, og har ei mastergrad i development management frå Universitetet i Agder (2014). Han er universitetslektor ved Senter for risikostyring og samfunnssikkerhet ved Institutt for sikkerhet, økonomi og planlegging ved UiS.