Alle som har barn eller jobbar i barnehage, har høyrt følgjande frase frå ein barnemunn: «Ja, men eg får det ikkje til». Men kva skjer om vi legg til «enno» i setninga? «Eg har ikkje fått det til, enno».
Når barn har lyst til å prøve noko nytt, men ikkje klarer det, kan dei anten tenkje «Eg er ikkje flink nok til å klare det» eller «Eg har berre ikkje klart det enno!» Å prøve seg på utfordrande ting, ting som me ikkje klarer å gjere «enno», gir oss ein mogelegheit til å prøve fleire gonger, og til å lære og vekse. Rammeplanen legg vekt på at personalet skal stimulere barna si undring og evne til å stille spørsmål, søkje opplevingar, ta initiativ og meistre nye ting.
Denne ressursen frå FILIORUM - Senter for barnehageforskning bygg på resultat frå forskingsartikkelen "I tried five times, and the sixth time I managed" av Størksen, Sæbø og Flesjå (2025).
Artikkelen fokuserer på barna sine erfaringar med pedagogiske videoar, blant anna ein video om Meistring. Desse videoane er utvikla i SELMA prosjektet, som ein del av eit pedagogisk materiell knytt til temaet Livsmeistring i rammeplanen, SELMA-materiellet har særleg fokus på Samspel, Engasjement, Livsglede, Meistring og Anerkjenning – kjernekomponentar som dannar akronymet SELMA. Videobanken blei utvikla i samarbeid mellom forskarar og barnehagelærarar, og er organisert etter kjernekomponentane.
Mål: Ved å bruke ressursen vil barnehagepersonalet få ein introduksjon til funn frå forskingsprosjektet SELMA. For kven: Barnehagepersonalet, t.d. på eit personalmøte. Anbefalt tidsbruk: 1 - 1,5 timer, etterfølgt av praktisk gjennomføring saman med barna. Tips til gjennomføring: 1. Lytt til podkasten (kan lyttast til på førehand). 2. Sjå den pedagogiske videoen, og diskuter refleksjonsspørsmåla. 3. Sjå videoane saman med barna og gjennomfør aktivitetane (sjå Aktivitetar). 4. Del erfaringar med kvarandre på neste møte.

Podkast
Denne podkast-episoden handlar om barn si oppleving av meistring samt viktigheita av sosial og emosjonell utvikling og livsmeistring for barn i barnehagen. Gjestane i studio er Ingunn Størksen, Janken Sæbø og Silje Flesjå, som alle tre har vore med i forskingsprosjektet SELMA. Dei fortel om prosjektet og om barn sine erfaringar med å sjå pedagogiske videoar om tematikken.
Les gjerne forskingsartikkelen "I tried five times, and the sixth time I managed" av Størksen med kollegaer på førehand.
Pedagogisk video
Å bruke ordet «enno» kan vere ein måte å endre negative og låste tankesett både hos seg sjølv og barna. Filmen er ein hjelp for personalet til å bli meir medvitne på dette.
Spørsmål til refleksjon
- Kor mange gonger trur du at du medvite har brukt ordet «enno» i dag?
- Opplever du at ordet «enno» og eit lærande tankesett i vanskelege situasjonar kan gje moglegheiter for vekst, læring og trivsel?
- Korleis kan de på avdelinga bli meir medvitne på denne måten å uttrykke dykk på?
(Frå s. 98 i boka "Sosial og emosjonell utvikling og livsmestring - ressursbok for barnehagen" (2024) av Størksen, Lenes, Lunde, Campbell og Løkken)
Aktivitet
Sjå etter hendingar der barna ser ut til å gi opp når dei ikkje kjenner direkte meistring, og hjelp dei til å ta i bruk eit lærande tankesett. Tenk gjennom korleis du sjølv bruker ordet «enno», for eksempel «Eg kan sjå at du ikkje klarer å gjere det enno. Kva om du prøver ein gong til, kva trur du kan skje då?».
(Frå s. 98 i boka "Sosial og emosjonell utvikling og livsmestring - ressursbok for barnehagen")
Forskingsprosjektet SELMA handlar nettopp om sosial og emosjonell utvikling og livsmeistring i barnehagen. SELMA-materiellet kan brukast både i personalet og saman med barna, til dømes i samlingar for femåringane, eller for stor avdeling. Personalet kan gjerne førebu seg på førehand på eit personalmøte ved å sjå videoane saman og diskutere refleksjonsspørsmåla. Begynn gjerne med temaet Meistring.
For å gå djupare inn i tematikken, anbefaler me å gå inn på videobanken til SELMA.
Barnehageforsking frå FILIORUM
Denne ressursen frå FILIORUM - Senter for barnehageforskning bygg på resultat frå følgjande forskingsartikkel:
Størksen, I., Sæbø, J. C., & Flesjå, S. V. (2025). "I tried five times, and the sixth time I managed". Children’s experiences with pedagogical videos on social and emotional learning. European Early Childhood Education Research Journal, 1-16.
Mål
Få kunnskap om 5-åringar sine tankar om videoane i SELMA.
Kvifor er dette viktig
Barn si medverking og deira erfaringar er viktige ut ifrå eit forskingsetisk standpunkt. Å lytte til barn og la dei medverke er også vektlagt i rammeplanen.
Problemstilling
- Kva er barna sine erfaringar med å bruke videoane i SELMA-intervensjonen generelt?
- Og kva er barna sine spesifikke erfaringar med å bruke videoane som sett søkelys på temaa meistring og anerkjenning?
Metode
Til saman 25 5-åringar blei intervjua i grupper på to eller tre om deira tankar og erfaringar med å bruke videoressursane i SELMA.
Datamateriale
Transkriberte data frå intervjua med barna.
Sentrale funn
Barna rapporterte om positive erfaringar, inkludert evna til å forstå og bruke nye ord og uttrykk knytt til sosial og emosjonell utvikling og meistring. Analyser av intervjua identifiserte fire hovudtema: «Erfaringar frå SELMA-året», «Å lære omgrep og gjere det same», «Framtidig bruk», og «Forståing på eit abstrakt nivå». Funna tydar på at barna tok til seg og bruker det dei har lært frå videoane på ulike måtar, inkludert at dei blei inspirerte til nye leikar og aktivitetar. Funna tydar på at små videoar til bruk i samlingar med barna kan vere et verdifullt supplement til andre pedagogiske tilnærmingar for å fremje sosial og emosjonell utvikling og meistring.
Lenkje til videobanken i SELMA
Størksen, I. & Valeur, T. (2025). Snart skolebarn - vennskap, mestring og følelser. Cappelen Damm. Barnebok.
Størksen, I., Lenes, R., Lunde, S., Campbell, J. A. & Løkken, I. M. (2024). Sosial og emosjonell utvikling og livsmestring - ressursbok for barnehagen. Cappelen Damm Akademisk.
Optimistiske og lærende tankesett - ein annan FILIORUM ressurs frå SELMA-prosjektet


