Sivilt mot i barnehagen

Barnehagelærarar står ofte i eit spenningsfelt mellom krav frå stat og eigarar, og eigne faglege visjonar for barna. Med sivilt mot kan profesjonsutøvarar argumentere for andre perspektiv når det er nødvendig.

Publisert Sist oppdatert
Kvifor er dette viktig?

Det er viktig for barnehagelærarar å kunne navigere trygt mellom fridom og krav. På den måten kan dei bli medvitne om sitt eige pedagogiske grunnsyn slik at dei kan finne vegen til å gjere gode vurderingar og ta kvalifiserte val til det beste for barna.

Denne ressursen frå FILIORUM - Senter for barnehageforskning bygg på resonnement frå det vitskapelege essayet Sivilt mot: Perspektiver på utvikling i barnehagen av Margrethe Jernes (2022).

Fagfilmen set søkelys på korleis nye styringsformer kan ha påverka barnehagen sin politikk og korleis barnehagelærarar kan arbeide med si eiga danning og kritisk didaktiske refleksjon for barna sitt beste. Danning kan forståast på mange vis. I fagfilmen blir det brukt tre forklaringar inspirert av Wolfgang Klafki og Lars Løvlie: Sjølvbestemming, solidaritet og medråderett.

Dette er ein ressurs som har potensiale til å opne for viktige og til tider undertrykte faglege diskusjonar. Han er både nødvendig og verdifull.

Barnehagelærar
Barnehagebasert kompetanseutvikling

Mål: Gjennom å bruke ressursen vil barnehagelærarar få erfaring med korleis dei kan drøfte politikk, verdiar og didaktikk i barnehagen. For kven: Styrarar og barnehagelærarar, t.d. på eit leiarmøte. Anbefalt tidsbruk: 30-45 minutt Tips til gjennomføring: 1. Tenk gjennom dine eigne pedagogiske verdiar. 2. Sjå fagfilmen. 3. Diskuter refleksjonsspørsmåla i gruppa. 4. Jobb med barnehagen sin pedagogiske grunnverdi og visjon (sjå Vidare arbeid)

Illustrasjon av mange barnehagelærerer som holder plakater med slagord
Illustrert av Tilde Hoel Torkildsen.
før filmen

Individuell refleksjon

  • Tenk over dine eigne pedagogiske verdiar.
Sivilt mot i barnehagen - ein fagfilm av Margrethe Jernes, Institutt for barnehagelærarutdanning, UiS
Etter filmen

Spørsmål til refleksjon

  • Diskuter danningsbegrepet: kva er danning utover læring?
  • Drøft korleis danning blir uttrykt av dykk som er barnehagelærarar. Hugs på dei tre aspekta ved danning: sjølvbestemming, solidaritet og medråderett (Klafki, 2011).
  • Korleis vil du som barnehagelærar involvere heile personalet i refleksjon omkring barnehagen sine verdiar og pedagogiske grunnsyn?
  • Korleis vil du argumentere for barnehagen sitt arbeid med bakgrunn i eige verdisyn?
  • Korleis balanserer du og dine kollegaer barnehagen sine verdiar opp imot pålegg frå stat og kommune?
  • Kva konsekvensar kan nye styringsverktøy, prosessar eller pålegg få for din barnehage?
  • Kven er det som vedtek endringar og nye føringar og kva kompetanse har dei inn mot barnehagefeltet?
Vidare arbeid

Individuelt: Skriv ned dei verdiane du meiner har størst betydning for deg.

Plenum:

- Del synspunkta med resten av gruppa.

- Diskuter og bli einige om kva som kan vere barnehagen sin pedagogiske grunnverdi og visjon.

Barnehageforskning fra FILIORUM

Denne ressursen frå FILIORUM - Senter for barnehageforskning bygg på resonnement frå følgjande vitskapelege essay:

Jernes, M. (2022). Sivilt mot: Perspektiver på utvikling i barnehagen. I M. Jernes og M. Alvestad (Red.), Barnehageutvikling (s. 109-119). Universitetsforlaget.

Problemstilling

  • Kva kan vere bakgrunnen for samtida sine krav til utvikling, og korleis kan ein handtere dette i eigen profesjonsutøving?

Metode og datamateriale

Det utgangspunktet for essayet er tekstar som er skrivne av studentar som har teke master i barnehagevitskap eller vidareutdanning i studiet "Profesjonsrettleiing i utdanning og yrke" dei siste ti åra.

To framtredande spor i studentane sine refleksjonar

Studenttekstane peiker på to sentrale perspektiv: 1) eit behov og ønskje om å arbeide med utvikling av visjonar for barna og det pedagogiske arbeidet og 2) utfordringar knytt til auka krav om nye prosjekt og system som kjem utanfrå, og ikkje alltid er i tråd med eigne visjonar.

Barnehagefeltet er prega av ny offentleg styring (New Public Management). Dette påverkar språket (foreldra er kundar eller brukarar), frie val (nye trendar og program) samtidig med auka kontroll (svekka autonomi). Profesjonen blir utfordra på å utvikle sitt eige pedagogiske grunnsyn og bevisstheit om eiga danning (sjølvbestemming, solidaritet og medråderett).

Aktuelle lenkjer
Referansar

Klafki, W. (2011). Dannelsesteori og didaktik – nye studier (3. utg.). Forlaget Klim.

Løvlie, L. (2003). Teknokulturell danning. I R. Slagstad, O. Korsgaard & L. Løvlie (Red.), Dannelsens forvandlinger (s. 347–371). Pax.

Fagleg ansvarleg

Førsteamanuensis i pedagogikk
51833511
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for barnehagelærerutdanning
Logo FILIORUM