Første med doktorgrad i kunstnarleg utviklingsarbeid ved UiS

– Ein disputas innanfor kunstnarleg ph.d. er ikkje kvardagskost her i landet, seier dekan Harald Eikaas ved Fakultet for utøvande kunstfag.

Published Sist oppdatert
Kristoffer Alberts disputerer i Eikenes-salen og viser til storskjerm
Kristoffer Alberts i gong med disputasen.

– Dette er eit veldig viktig steg for fakultetet, både med tanke på utvikling av ny kompetanse innan fagfeltet, men også ved å styrke og vidareutvikle forskingsmiljøet vårt, seier Petter Frost Fadnes som er fagleg leiar for ph.d-utdanninga i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Det var vinteren 2021 at det vart klart at Fakultet for utøvande kunstfag ved UiS skulle, i samarbeid med Fakultet for kunstfag ved UiA, etablere eit felles doktorgradsprogram i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Doktorgradsarbeidet i kunstnarleg utviklingsarbeid famnar dei tre forskingsdisiplinane musikk, dans og dokumentar.

Ingen kvardagskost i Noreg

orsdag 31. august var det klart for at første kandidat i programmet, Kristoffer Berre Alberts, skulle disputere. Han var stipendiat innan feltet jazz/improvisert musikk og presenterte doktogradsarbeidet med tittelen «Point of Return». Før sjølve disputasen hadde han ei prøveførelesing med emnet Improvisasjon og komposisjon: To sider av same sak, eller to diametralt ulike måtar å skape musikk på?

– Kunstnarleg utviklingsarbeid er stadig ei relativ ny forskingsgrein i Noreg, og ein disputas innanfor kunstnarleg ph.d. er ikkje kvardagskost her i landet. Det kunstnarlege arbeidet skal stå i sentrum samtidig som ein kritisk refleksjon skal gje innsyn i blant anna kunstnarlege problemstillingar og arbeidsmetodar. Kristoffer Alberts' prosjekt har gitt eit viktig bidrag til diskusjonen rundt improvisasjon vs. komposisjon sett frå eit utøvande og skapande perspektiv, og han gjennomførte ein flott disputas, seier dekan ved Fakultet for utøvande kunstfag, Harald Eikaas.

Brynjar Bandlien, Harald Eikaas, Kristoffer Alberts, Ivar Grydeland og Lotte Anker
Dr. Kristoffer Alberts saman med vurderingskomiteen og dekan. F.v. Brynjar Åbel Bandlien, Harald Eikaas, Kristoffer Alberts Ivar Grydeland og Lotte Anker.

Vinylspelar og samtale

Dette va ein noko annleis disputas enn akademia er vande med; blant anna hadde ein vinylspelar ein sentral rolle. Det vart spelt noko Alberts kallar referansepunkt - med improvisasjonsjazz og hans eigne såkalla «lydcollage» som også var ein del av hans kunstnarlege resultat. I tillegg hadde han ein samtale med omdømmekomiteen istadenfor opposisjon som det vanlegvis er under disputasar.

– Målet var å lage eit scenerom som skulle tilrettelegge for ein god samtale mellom respondentar og kandidat. Alle tilbakemeldingar tydar på at me lukkast i å skape ein avslappande atmosfære og fine rammer for ein disputasform godt tilpassa fagfeltet vårt, seier Frost Fadnes.

Det vil bli gjennomført to disputasar til haustsemesteret 2023: The E(c)lect(r)ic Guitar med stipendiat Vidar Kvamme Schanche, og Interpreting Finn Mortensen’s Piano Music in an International Perspective med stipendiat Kristian Evjen.

Ønskar du meir informasjon?