Ingmar Lid studerer hotelledelse i Stavanger.

Namn og alder: Ingmar Lid, 23 år
Heimstad: Norheimsund i Hardanger
Her bur eg i Stavanger: Storhaug
Dette studerer eg no: Bachelor i hotelleiing
Eg studerer hotelleiing fordi:
Eg fekk meg deltidsjobb i ein liten nærbutikk då eg var 15 og fann fort ut at eg likte å arbeida med service. Så på vidaregåande fann eg hotellstudiet på nettet og tenkte at dette kom til å passa perfekt. Då eg skulle begynna hadde eg aldri jobba i hotellbransjen, og tenkte nok litt at eg ikkje kom til å passa inn. Men det var mange som var som meg, og eg fekk meg tidleg ein deltidsjobb på hotell for å få mest mogleg erfaring frå bransjen.
Stavanger er einaste studiestad som tilbyr hotelleiing, men eg trur eg hadde valt UiS uansett kva eg skulle studert. Her har ein både natur og byliv i passelege mengder og vanvittig kjekke folk overalt!
Mitt favorittemne på studiet:
Eg likar best dei emna me har om leiing. Å sjå dei ulike teoriane som ligg bak godt leiarskap er veldig spennande og utruleg relevant for arbeidslivet. I tillegg er forelesarane svært dyktige og har masse erfaring frå hotellbransjen og leiarstillingar sjølv, noko som inspirerer og tydeleggjer det me lærer.
Derfor vil eg anbefale studiet:
Gjennom studiet og dei ulike tinga som skjer her får du eit kjempestort nettverk innan reiselivet. Ein søknad som inneheld «hotelleiing ved NHS» kjem langt fram i køen når hotellstillingar blir lyst ut, så om du ser for deg å jobba i den store hotellverda er det ikkje tvil om at dette er rett studie!
Dette er mitt beste studietips:
Eg er kanskje ikkje den beste til å gi studietips, men av erfaring kan eg seia at å møta opp i forelesning og jobba litt gjennom heile semesteret fungerer betre enn å ta skippertak...
Slik er det sosiale på NHS:
NHS har så mykje fine folk! Eg er framleis mest med dei eg var i faddergruppe med, så den må ein få med seg. Ellers trur eg at å møta i forelesning gjer det mykje lettare å bli kjent. I tillegg blir det arrangert fest og anna moro veldig ofte som alle kan bli med på, så det er alltid noko å gjera!
Eg er styremedlem i linjeforeininga NHSU og leier teamet som planlegg reiselivskonferansen Serviceforum. Her har eg blitt kjent med utruleg mange fine folk både på NHS og i næringslivet. Det blir snakka mykje om kor viktig nettverk er, og då er linjeforeininga kanskje den beste plassen for å bygga dette! I tillegg synest eg det er vanvittig moro å planleggja og gjennomføra store arrangement.
Dette likar eg å gjere på fritida:
Eg spelar i korps og bruker veldig masse tid på dette, både øving, konsert og reiser. I tillegg har eg hatt ein deltids resepsjoniststilling sidan eg begynte på studiet, som både gir erfaring og pengar. Resten av tida forsøker eg å via til studiearbeid og sjølvsagt arbeidet med linjeforeininga.
Dette er typisk Stavanger:
Alle her er veldig opne og inviterer deg med på alt mogleg. Også elskar eg dialekta!
Dette er min draumejobb:
Det store målet er å bli hotelldirektør! Men før det er det fleire stillingar eg har lyst på, både kurs- og konferansesjef eller innanfor sal.
