Hopp til hovedinnhold

KSU skal gi forskaropplæring om systematiske kunnskapsoversikter

Kunnskapssenter for utdanning deltar som partnar i samarbeid om barnehageforsking, der FILIORUM er ein sentral aktør.

Publisert: Endret:

Barnehageforskinga skal styrkast i tida framover, og KSU skal bidra ved å tilby forskaropplæring og rettleiing. (Foto: Getty Images)

Norges forskningsråd har løyvd 192 millioner kroner til 12 nye, nasjonale forskarskuler, blant anna innan barnehageforsking. Forskarskulen skal leiast av BARNkunne - Senter for barnehageforskning ved Høgskulen på Vestlandet, i tett samarbeid med FILIORUM, skriv sistnemnde på sine eigne nettsider.

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) deltar som partnar, saman med ei rekkje andre høgskular og universitet med barnehagelærarutdanningar, og KSU si rolle her vil vera å bidra med forskaropplæring om systematisk kunnskapsoppsummering.

– Me gler oss til å samarbeida om å tilby forskaropplæring og rettleiing og bidra til å styrka barnehageforsking i åra framover, seier senterleiar Elaine Munthe ved KSU i ein kommentar.

Ho gratulerer i same høve BARNkunne - Senter for barnehageforskning ved Høgskulen på Vestlandet og dei andre samarbeidspartnarane med tildelinga av midlane.

Les artikkelen om tildelinga på FILIORUMs nettsider.