Avlyst: Levande historie

Torsdag 28. september 2023 kl. 11:00-12:00,
Sølvberget,
Møteplassen.

Elevar ved St. Svithun videregående skole har fått prøve seg som historieforskarar i samband med Forskingsdagane. No presenterer dei forskinga si for publikum.

Publisert Sist oppdatert

Universitetsbiblioteket i Stavanger

Dette arrangementet er dessverre avlyst.

Høyr elevar fra St. Svithun videregående skole fortelje om erfaringane dei har gjort seg som historieforskarar. Kva har dei funne ut om ungdommens forhold til historie?

Prosjektet «levende historie» er resultat av eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger ved professor Alexandre Dessingué og historiefagseksjonen ved St. Svithun videregående skole. Prosjektet tar for seg elevanes forhold til historie, dvs. historiekulturen deira. Det er sendt ut ein spørreundersøkelse til ca. 250 elevar. Nokre av spørsmåla dreier seg om historiefaget på skolen, mens andre gjeld historie som eit generelt tema i kvardagen og i samfunnet.

Elevane har fått adgang til resultata og har jobba aktivt med dei saman med lærarane i historieundervisninga. Slik har dei fått moglegheit til å forske på historiekultur som ein del av kvardagen både i og utanfor skolen. No vil dei presentere forskingsresultata for oss!

Alt om Forskingsdagane