Hopp til hovedinnhold

Likskapar og ulikskapar mellom kjønna

Både i forsking, populærlitteratur og kvardagstale har det vore, og er det, vanleg å lese og høyre at kvinner og menn er fundamentalt ulike, til dømes i tankegang, omsorgsevne eller profesjonelle prioriteringar. I 2005 publiserte Hyde ein metastudie som avkrefta at ulikskapane mellom kjønna var så store eller fundamentale som ein tidlegare hadde trudd. I dette systematiske kunnskapsoversynet tek Zell et al. over stafettpinnen etter Hyde og testar hypotesen om at det er større likskap enn ulikskap mellom kjønna. Denne studien ser òg på kor stabile forskingsresultata er på tvers av tidsperiodar, geografisk område/kultur, alder og psykologisk domene.

Publisert: Endret:
referanse:

Zell, E., Krizan, Z. & Teeter, S. R. (2015). Evaluating Gender Similarities and Differences Using Metasynthesis. American Psychologist, 70(1), 10–20. http://dx.doi.org/10.1037/a0038208.supp

Det overordna resultatet av metaanalyse-syntesen støttar hypotesen om at det er større likskap mellom kjønna enn det er ulikskapar. (Foto: Getty Images)



Bakgrunn

Når vi møter andre menneske, kategoriserer vi dei ofte etter alder, hudfarge eller kjønn. Deretter formar vi ofte umedvite eit bilete av personen på bakgrunn av stereotypiske haldningar knytt til desse kategoriane. Når det gjeld stereotypiske idear om kvinner og menn, kan dei fleste av oss kjenne dei att: kvinner samarbeider, menn konkurrerer, kvinner er underdanige, menn er dominerande, kvinner har verbale fordelar, menn har matematiske fordelar. Mens ulikskapshypotesen1 bygger på ein teori om at slike forskjellar spring ut av biologiske ulikskapar og er stabile på tvers av til dømes tid, rom og alder, bygger likskapshypotesen2 på ein teori om at slike ulikskapar som oftast er kulturelt forankra og at det er større biologiske likskapar enn ulikskapar mellom kjønna. Likskapshypotesen hevdar at kvinner og menn er like på dei fleste, men ikkje alle, psykologiske område, og at der det er ulikskapar mellom kjønna, er ulikskapane som oftast små. Ein må ha i mente her at det er tale om ulikskapar og likskapar i psykologisk forankra område som til dømes åtferd og akademiske prestasjonar, og ikkje anatomiske ulikskapar eller likskapar.



Føremål

Dette systematiske kunnskapsoversynet3 har to innfallsvinklar: å undersøke ulikskapar mellom kjønna og å bruke metaanalyse-syntese (samanfatting av metaanalysar) som metode for ei slik undersøking. For å ta det siste først: metaanalyse4 har vist seg å vere eit sterkt verktøy for å studere ulikskapar mellom kjønna av di ein metaanalyse kan seie noko om ulikskapar mellom kjønna innanfor eit spesifikt psykologisk domene, til dømes deira matematiske evner. Men ein metaanalyse kan ikkje seie noko om i kor stor grad kvinner og menn er ulike på tvers av psykologiske domene. Fordi ei endring i stereotypiske haldningar til kjønna og til dømes deira psykologi, åtferd og evner krev ei omfattande avkrefting av mytar, held det ikkje å avkrefte ein stereotypi knytt til eitt domene – ein må undersøkje kvinner og menn på tvers av domena. Det er dette syntesen kan gjere.

Tidlegare metaanalysar, metaanalysar av metaanalysar, og metasyntesar har produsert kunnskap om ulikskapar mellom kjønna og på dette kunnskapsgrunnlaget konstatert at kvinner og menn er svært like innanfor og på tvers av eit utval domene. Men det manglar framleis kunnskap om kor like, eller ulike, kjønna er på tvers av alder, geografiske område/kulturar, tidsrom og eit svært stort utval psykologiske domene. Utan slik tverrgåande kunnskap kan ein ikkje generalisere resultata av dei tidlegare studia på feltet. Denne metaanalyse-syntesen søker å dekke dette kunnskapshòlet slik at vi kan få eit solid grunnlag til å trekke ein konklusjon om kor ulike kjønna er – ein konklusjon som ikkje forandrar seg med endringar i tidsrom, område/kultur, alder eller psykologisk domene.

Inkluderte studiar

Søket etter relevante metaanalysar vart utført i april 2014 og resulterte i 106 metaanalysar som totalt inkluderte 21 174 effektar (absolutt verdi), 386 metaanalytiske effektar og 12 238 667 deltakarar.

Fylgjande studiar vart ekskludert:

  • Studiar som ikkje var metaanalysar eller som ikkje undersøkte kjønnsulikskapar
  • Studiar som ikkje fokuserte på psykologiske kjønnsulikskapar (til dømes biologiske eller anatomiske ulikskapar)
  • Studiar som undersøkte ulikskapar som fylgje av oppfatningar av kjønnsroller i staden for ikkje kjønn i seg sjølve eller studiar som undersøkte kjønn som funksjon/definert av kontekst og som dermed ikkje samanlikna dei biologiske kjønna
  • Analysar som ikkje oppgav generell gjennomsnittleg ulikskap mellom kjønna som Cohens d, Hedges g eller Pearsons r
  • Studiar som fokuserte på spesialiserte, ikkje-representative deltakarutval

Moderatorane (variablane), det vil seie alder, geografi/kultur, tidsrom og psykologisk domene, vart inkludert i analysane for å undersøkje korleis dei påverka utslaga av analysane av ulikskapar mellom kjønna. Dei psykologiske domena vart gruppert i klynger:

  • Kognitive variablar: mentale prosessar som til dømes merksemd, minne og problemløysing, inkludert matematiske prestasjonar, romlege prestasjonar og verbale ferdigheiter
  • Personlegdom og sosiale variablar: individuelle ulikskapar og sosial åtferd, til dømes temperament, interesser, aggresjon, kommunikasjon i samhandling med andre, hjelpsemd, seksualitet og leiarstil
  • Velvære: alle variablar som har å gjere med mental helse, til dømes depresjon, sjølvgransking og sjølvbilete

Studiane dekker tidsspennet frå 1980-talet til og med 2010-talet, dei dekker heile aldersspennet (barn/unge, vaksne, blanda) og heile den geografiske og kulturelle verda (euro-amerikanske, blanda). Somme av studiane var publiserte og somme var ikkje publiserte. Modell for utrekning av effektar blei kategorisert som fast (fixed-effects), tilfeldig (random-effects) og andre (other). Kvaliteten på studiane vart skåra jamfør eit verktøy for kvalitetsvurdering. Denne sjekken synte at fleirtalet av studiane var av høg kvalitet og at effektar av kvalitetsulikskapar ikkje vil ha ein statistisk signifikant innverknad på resultatet av analysane.

Effektstorleiken er oppgitt som Cohens d. Effektstorleikar som var oppgitt som til dømes Hedges g, vart konverterte til Cohens d. 83 av effektane oppgav ikkje informasjon om hetero-/homogenitet for effektane. Av dei resterande effektane oppgav 92 (30,4 %) homogenitet og 211 (69,6 %) heterogenitet. Dette betyr at resultat av tidlegare studiar av ulikskapar mellom kjønna varierer med endringar i studiekontekst (det vil seie alder, geografi/kultur, tidsrom og psykologisk domene). Dei 106 metaanalysane vart gjennomgått med tanke på overlappande utval, og dette arbeidet sørga for at kvar metaanalyse som er inkludert i metaanalyse-syntesen inneheld minst 75 % unike data.



Resultat

Det overordna resultatet av metaanalyse-syntesen støttar hypotesen om at det er større likskap mellom kjønna enn det er ulikskapar, òg når innverknad av moderatorane vert inkludert i analysane. Av dei 386 metaanalytiske effektane var 46,1 % små og 39,4 % svært små. Analysar av dataa frå dei 106 metaanalysane knytt til absolutt ulikskap mellom kvinner og menn, synte ein liten effekt (d) på .21. Dette betyr at det er ei 84 % overlapping mellom kvinner og menn, mellom anna på områda matematiske og verbale ferdigheiter.

Det er framleis nokre område kor ulikskapar mellom kjønna gjer seg gjeldande og som kjem til uttrykk som moderate eller store effektar i resultatet av analysane. Menn skårar høgare på målingar av maskulinitet, mental rotasjonsevne, vektlegging av fysisk attraksjon i partnarval og aggresjon. Kvinner skårar høgare på målingar av smertereaksjon, truskap/band til medmenneske, større interesse i menneske enn i ting.



Implikasjonar

Analysane av resultata viser altså i hovudsak små ulikskapar mellom kvinner og menn, men slike små ulikskapar er ikkje dermed sagt uvesentlege: Dei kan ha store konsekvensar for livet, og det kan òg hende at fleire små ulikskapar kan akkumulerast på tvers av domene. Forfattarane understrekar i tillegg at små ulikskapar på målingar av til dømes prestasjonar på matematikktestar ikkje dermed sagt seier noko om ulikskapar i matematiske evnar. Det kan hende at måleinstrumenta ikkje fangar opp det dei er designa for å måle. Ein kan heller ikkje konkludera med at stabiliteten av resultata på tvers av moderatorar betyr at ulikskapar mellom kjønna er bestandige eller statiske.

Vidare seier ikkje resultatet av metaanalyse-syntesen noko om kvifor det er ulikskapar mellom kjønna. Framtidige studiar som bygger på til dømes evolusjonsteori, kognitiv læringsteori eller sosiokulturell teori kan gje viktig innsikt i kva som ligg bakom ulikskapar mellom kvinner og menn. Metaanalyse-syntesen har heller ikkje analysert korleis dei overlappande likskapane mellom kvinner og menn (84 %) er distribuert mellom kjønna. Det er òg slik at ulikskapane vil vere større jo lengre til venstre eller høgre på kurven ein ser, altså finst det ekstreme tilfelle av kvinnelege eller mannlege trekk (til dømes knytt til kapasitet for vald). Tidlegare studiar har òg indikert at det er større variasjon blant menn enn blant kvinner når det gjeld somme intellektuelle og kognitive variablar.

Zell et al. etterlyser forsking på aspekta som er nemnd ovanfor. Dei oppmodar òg framtidige studiar til a) å informere om talet på kvinner og talet på menn som inngår i studien, b) til å informere om tidsperiodisk og kulturell kontekst for studien og å undersøkje om ulikskapar varierer med variasjonar i tid/kultur, og c) til å informere om kva for ein metaanalytisk modell dei brukar for å samle (aggregere) resultat på tvers av studiar. Til sist trengst studiar som identifiserer under kva for slags vilkår ulikskapar mellom kjønn er mest merkbare, og studiar som søker å gje svar på kva slags faktorar som fremmar ulikskapar mellom kjønna.

[1] Gray, J. (1992). Men are from Mars, women are from Venus: A practical guide for improving communication and getting what you want in your relationships. New York, NY: Harper Collins.; Tannen, D. (1991). You just don’t understand: Women and men in conversation. New York, NY: Ballantine Books.

[2] Hyde, J. S. (2005). The gender similarities hypothesis. American Psychologist, 60, 581–592. http://dx.doi.org/10.1037/0003-066X.60.6.581

[3] Systematisk kunnskapsoversyn: Som regel ein artikkel eller ein rapport som gjer eit oversyn over eit klårt definert forskingsspørsmål. Oversynet brukar systematiske og eksplisitte metodar for å identifisere, velje ut og kritisk vurdere relevant forsking, samt for å samle inn og analysere data frå studia som er inkluderte i oversynet.

[4] Metaanalyse: Statistiske teknikkar for å integrere resultata av inkluderte studiar i det systematiske kunnskapsoversynet.