Biblioteket svarar på spørsmåla dine om open forsking

Open forsking handlar om å gi alle som ønsker det, tilgang til forskingsresultat. Det er fleire måtar å gjera dette på, og universitetsbiblioteket hjelper deg.

Publisert Sist oppdatert

banner om åpen forskning

Styresmaktene, dei som finansierer forsking, og folk flest har eit klart ønske om meir open forsking. Ofte er dette også eit krav. Det er venta at open forsking kan gi mange positive verknader. Auka høve til å etterprøva forsking, verdiskaping og innovasjon blir ofte nemnt. Det same gjeld ei generell demokratisering av forsking og kunnskap.

Omgrepet «open forsking» (open science) omfattar mange område. Som forskar kan du gjera mykje for å opna forskinga di. Universitetsbiblioteket hjelper deg med fleire tenester:

Open publisering

Open publisering blir ofte kalla open access. Etter kvart har dette blitt eit kjent omgrep i forskinga. Kort sagt inneber det at vitskaplege artiklar og andre publikasjonar blir gjorde ope tilgjengelege for alle. Dei kan lesast og lastast ned gratis.

Kva ein elles har lov til å gjera med publikasjonane, kjem an på kva Creative Commons-lisens dei blir publiserte med.

Det finst ulike modellar for open publisering. UiS er med i ei rekke avtalar med forlag som gjer det lettare å publisera ope. Sjå meir under «Forlagsavtalar».

Biblioteket kan gi deg råd og rettleiing dersom du synest det er vanskeleg å finna ut av dette. Vi hjelper deg også gjerne med å velja eit godt ope tidsskrift. Du kan òg spørja oss om eit tidsskrift du vurderer, held god nok kvalitet. Sjå meir under «Unngå røvartidsskrift». Det finst ein del tidsskrift som ikkje held mål, så det er viktig å vera merksam på dette.

Har du publisert i eit abonnementstidsskrift utan open tilgang? Då kan du lasta opp den aksepterte og fagfellevurderte versjonen av artikkelen, også kalla postprint, i NVA. Artikkelen blir då gjord ope tilgjengeleg i Nasjonalt vitenarkiv (NVA).

Studiar viser at artiklar som er publiserte ope, blir meir siterte enn artiklar som ikkje er det.

Publiseringsplattformer ved UiS

Har du ein publikasjon du vil gjera tilgjengeleg? Eller vurderer du å starta eit nytt tidsskrift?

Universitetsbiblioteket administrerer plattformene University of Stavanger: Open Journals for publisering av tidsskrift og UiS Scholarly Publishing Services for publisering av bøker og skriftseriar.

Plattformene gjer det enkelt å etablera og publisera opne tidsskrift og andre publikasjonar. Du kan også bruka dei til å gjera eksisterande tidsskrift og skriftseriar ope tilgjengelege.

Alt som blir publisert på plattformene, får ein eigen DOI, Digital Object Identifier. Innhaldet blir også søkbart i Oria og andre databasar.

Tilsette ved universitetsbiblioteket hjelper deg gjennom heile publiseringsprosessen i UiS Scholarly Publishing Services, frå du sender inn manuskriptet, til publikasjonen er ferdig. Vi hjelper også redaksjonar som har tidsskrift på plattforma UiS Open Journals.

Les meir om publiseringsplattformene ved UiS.

Handtering av forskingsdata

Forskingsdata er informasjon i form av tal, tekst, bilde, lyd eller video som blir laga eller oppstår i eit forskingsprosjekt. Det omfattar med andre ord alle data som blir samla inn eller brukte i løpet av prosjektet.

Det er ønskeleg at forskingsdata blir gjorde tilgjengelege når det er mogleg. Det kan gjera forskinga meir synleg og lettare å etterprøva. Det legg også til rette for deling og gjenbruk.

Universitetsbiblioteket tilbyr støtte til dette. Vi kan gi råd og rettleiing om korleis du kan gjera dataa dine så FAIR som mogleg.

Forskarar ved UiS kan dela dataa sine i arkivet Dataverse. Her kan du gjera alle typar forskingsdata tilgjengelege, dersom det ikkje finst eit fagspesifikt arkiv som passar betre.

For å få oversikt over kva data du skal samla inn, og korleis du skal handtera dei, bør du fylla ut ein datahandteringsplan. Planen beskriv korleis forskingsdataa skal handterast gjennom heile forskingsprosjektet.

Det er venta at alle forskingsprosjekt som får offentleg støtte, skal ha ein datahandteringsplan.

Biblioteket kan gi råd og rettleiing når du skal fylla ut datahandteringsplanen din. Vi kan tipsa om gode malar du kan bruka. Vi kan også lesa gjennom planen og gi deg tilbakemelding dersom prosjektet har ekstern finansiering og du skal senda planen til den som finansierer prosjektet.

Les meir om datahandteringsplanar og forskingsdata.

Kontakt oss

Vi i biblioteket svarar gjerne på spørsmål om open forsking. Vi kan også komma på besøk til fakultet, institutt eller forskingsgrupper som treng hjelp eller informasjon.

Kontakt oss på e-post dersom du har spørsmål om open publisering eller publiseringsplattformene ved UiS. Du kan også ta kontakt dersom du har spørsmål om nokon av publiseringsavtalane UiS er med i.

Du kan kontakta oss dersom du har spørsmål om forskingsdata eller datahandteringsplanar.

Ta gjerne kontakt med dei tilsette våre dersom du har spørsmål om opplasting eller publisering i NVA.

Kurs i open forsking:

Webinar: Introduksjon til Rayyan

Ons. 28.10.2026

09:15-11:00

Teams

Kontakt oss gjerne:

Universitetsbibliotekar
51831907
Divisjon for forskning
Universitetsbiblioteket i Stavanger
Spesialbibliotekar
5183 1115
Ullandhaug / Arkeologisk Museum
Divisjon for forskning
Universitetsbiblioteket i Stavanger
Spesialbibliotekar
51831114
Divisjon for forskning
Universitetsbiblioteket i Stavanger