UiS har eit omfattande samarbeid med både næringsliv og offentlege verksemder. Sjå korleis du kan samarbeide med oss innan forsking og innovasjon.
Forskings- og innovasjonssamarbeidet vårt strekkjer seg både regionalt, nasjonalt og internasjonalt.
Forskarane ved UiS kan løyse spesifikke problemstillingar for verksemda di. Du kan også samarbeide med eit fagmiljø om forskings- og innovasjonsprosjekt.
I tillegg kan tilsette i næringsliv og offentleg sektor ta doktorgrad ved UiS.
Forskingsoppdrag
Gjennom såkalla oppdragsforsking kan forskningsmiljøa våre løyse spesifikke problemstillingar for bedrifta eller verksemda di.

Dette er prosjekt som blir utførte mot vederlag (betaling) frå eksterne oppdragsgivare med krav til leveransar/motytingar som inneber at oppdragsgivar får full kontroll over sluttproduktet.
Det stillast krav til at oppdragsgivar fullfinansierer oppdraget. Det vil seie at alle kostnader, medrekna indirekte kostnadar, skal dekkjast av oppdragsgivar.
Ved UiS finst oppdragsforsking både finansiert av næringslivet, statlege og andre samfunnsaktørar som NAV, kommunar osv..
Nærings- og offentleg sektor-ph.d.
Treng verksemda di forskarkompetanse? Då kan ein nærings-ph.d. eller offentleg sektor-ph.d. være noko for deg og verksemda du er tilsett i.

Nærings-ph.d.
Forskningsrådet skal gjennom nærings-ph.d.-ordninga bidra til å auke forskingsinnsatsen og den langsiktige kompetansebygginga i breidda av norsk næringsliv gjennom rekruttering av doktorgradskandidatar.
Ordninga skal også bidra til tettare samspel mellom næringsliv og forskingsorganisasjonar, som er nødvendig for mellom anna å styrkje kunnskapsoverføringa frå forskingen til samfunnet.
Målgruppa er bedrifter. Nærings-ph.d. skal gi bedrifter ein moglegheit til å auke forskingskunnskapen og kompetansen utan å vere med i eit meir omfattande FoU-prosjekt.
Offentleg sektor ph.d.
Offentleg sektor-ph.d. (OFFPHD) skal bidra til auka forskingsinnsats i offentlege verksemder, auka forskarrekruttering i offentleg sektor og auka samspel mellom akademia og offentleg sektor.
Forskningsrådet skal stimulere til auka forskings- og innovasjonsaktivitet i offentleg sektor og tilbyr støtte til gjennomføring av doktorgradsprosjekt.
Doktorgradsprosjektet skal byggje kunnskap som er relevant og anvendbar for offentlege aktørar og brukarane deira.
Prosjektet skal også framskaffe kunnskap innanfor område der kunnskaps- og innovasjonsbehova er store og støtte opp under FoU- og innovasjonsstrategien til verksemda.
Slik kjem du i gang med ein nærings- og offentleg sektor-ph.d.
Ekstern finansiering og bistand til innovasjonsprosjekt
UiS har lang erfaring med å tiltrekkje seg midlar til utvikling av eit breitt spekter av forskings- og innovasjonsinitiativ.

Sjå korleis bedrifter, organisasjonar og offentlege verksemder kan få bistand av oss til innovasjonsprosjekt.
Det finst fleire moglegheitar for finansiell støtte for UiS og samarbeidspartnarane sine. Lista under oppsummerar dei viktigste kjeldene.
Regionale
Nasjonal
Nordisk
Internasjonal
Kontakt oss
Avdeling for innovasjon og eksternt samarbeid
Samarbeid fører til samfunnsbidrag
Forskinga ved UiS skal kjenneteiknast av kvalitet, nyskaping, samfunnsbidrag og samarbeid. Derfor lagar vi "impact case stories" frå utvalde prosjekt, som viser koleis forskinga bidrar til samfunnet gjennom positiv endring og verdiskaping.

Les meir om Impact case stories og koleis vi jobbar med dette.
Her er nokre av våre impact cases:
- Breast Cancer School
- The Agder Project
- The National IOR Centre for Norway
- Enhancing Risk Communication for Pandemic Respons
- Eco-Friendly Hydrate Inhibitors
- Robust Risk Regulation in the Petroleum Industry
- Transforming Children’s Learning with evidence-based EdTech
- Guiding Europe’s Literacy Landscape in the Age of Digitisation
- Improved newborn care based on video and artificial intelligence
Horisont Rogaland
Horisont Rogaland er eit EU-nettverk finansiert av NFR og Innovasjon Norge, leia av UiS.

Målet er å auke deltakinga i europeiske prosjekt i regionen vår, med eit spesielt fokus på Horisont Europa. Nettverket følgjer mellom anna opp moglegheitar innanfor dei nye arbeidsprogramma for 2023/2024. Dei har ei rekkje aktuelle arrangement, og er ein nyttig arena for nettverksbygging.










