Kriser påverkar ikkje tilliten til styresmaktene på lang sikt

Tilliten til styresmaktene blir påverka av kriser på kort sikt, både i form av meir og mindre tillit, men etter ei tid vender tilliten tilbake til tidlegare nivå, viser ny studie.

Publisert Sist oppdatert

Kvinne ved nasjonal talerstol på statsministerens kontor
Torsdag 12. mars 2020 var dagen då Solberg-regjeringa og Helsedirektoratet innførte omfattande smitteverntiltak og stengde ned store delar av samfunnet. Her frå ein pressekonferanse 28. januar 2019.

– I dag kan ein lett få inntrykk av at tilliten i samfunnet er sårbar og på veg ned. Studien vår viser at dette ikkje er tilfellet, seier Lisbet Fjæran, førsteamanuensis ved Institutt for samfunnssikkerhet, økonomi og planlegging ved Universitetet i Stavanger.

Saman med forskarkollegaer ved UiS har Fjæran undersøkt den norske befolkninga sin tillit til styresmaktene ved å sjå på fleire kjelder over ein periode på 20 år:

OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Årleg tillitsundersøking i åra 2006–2021 og 2021–2023

  • Tillitsbarometeret, årleg undersøking presentert under Arendalsuka, i 2018–2025
  • Helsedirektoratet sine vekentlege undersøkingar under covid-19-pandemien, i 2020–2022
  • Forskarane fann at sjølv om tillit er sensitiv for kriser og hendingar på kort sikt, teiknar det seg over tid eit bilete av tilliten som stabil og motstandsdyktig.

Forskarane fant at sjølv om tillit er sensitiv for kriser og hendingar på kort sikt, teiknar det seg eit bilete over tid av tilliten som stabil og motstandsdyktig.

Tillit – ikkje så sårbar som vi trur

At vi har høg tillit til kvarandre og til styresmaktene er eit kjenneteikn ved det norske samfunnet. Denne tilliten kan gjere samfunnet betre rusta til å handtere risiko, kriser og uventa hendingar.

Forskarkollegaene ved UiS ønskjer å utfordre forestellinga om at tillit under kriser er ein sårbar ressurs.

– Tillit er viktig i kriser. Ideen om at det er mykje lettare å miste tillit enn å byggje han opp, og at det tek mykje lengre tid å byggje opp att tillit enn å bryte han ned, blir ikkje underbygd av dataa våre. I alle fall ikkje når det gjeld samanhengane mellom kriser og tilliten vår til styresmaktene, seier Fjæran.

Det er ikkje slik at tillit som er bygd opp over lang tid, går tapt på eit augeblink. Den norske tilliten ser ut til å tole meir enn folk trur.

– Forståinga av befolkninga sin tillit som ein sårbar ressurs pregar ofte den offentlege debatten og språket til institusjonane og politikarane. Vi bør tenkje meir nyansert om dette, meiner samfunnssikkerheitsforskaren.

– Dersom tilliten har falle på grunn av ei hending, kan han likevel raskt auke igjen. Over tid jamnar variasjonane seg ut, og vi finn ikkje støtte i dataa våre for det som ofte blir kalla tillitsasymmetri-prinsippet – altså at tillit raskt kan brytast ned og at det tek lang tid å byggje han opp igjen. Sjølv om tilliten svingar, både opp og ned, finn vi at han framstår robust, motstandsdyktig og høg over tid, forklarer Fjæran.

Kriser kan gje auka tillit

Hendingar og kriser kan ikkje berre bidra til fall i tillit på kort sikt, men også til auke i tillit. Dette er nært knytt til korleis dei blir handterte og kommuniserte av ansvarlege styresmakter og institusjonar.

I tida etter 22. juli-åtaka viser målingane at tilliten auka i samfunnet. Det kan mellom anna forklarast med styresmaktene si oppfølging.

– Stoltenberg si handtering av 22. juli, der han snakka om «meir demokrati og openheit» og om å «vise kjærleik i staden for hat», er av fleire blitt tolka som noko som bidrog til at tilliten til styresmaktene fekk eit oppsving, forklarer Fjæran.

– I dei vekentlege tillitsdataa som blei samla inn under covid-19-pandemien, såg vi også ein auke i tillit akkurat i perioden då Russland i slutten av februar 2022 gjekk til krig mot Ukraina. Dette kan knytast til ei kjensle av fellesskap, samhald og einigheit om responsen i ein situasjon som for mange vekkjer uro og frykt, peikar Fjæran på.

UiS-forskaren viser til at tillit er nært knytt til kjensler, og at ulike kjensler kan avgjere om tilliten til styresmaktene aukar eller fell under ei krise. Til dømes har frykt blitt knytt til auka tillit til styresmaktene, medan sinne er knytt til redusert tillit.

Tilliten stupte før korona-tiltaka kom på plass

Dette gjaldt også under pandemien:

Sjølv om mange tillitsdata viser ein auke i den første bølgja av koronapandemien, viser dei vekentlege dataa eit betydeleg fall i tillit i byrjinga av krisa og fram til 12. mars 2020.

I vekene før 12. mars blei nordmenn eksponerte for nyheiter om situasjonen i Italia, kor det var raskt aukande smittetal og overfylte sjukehus. I starten auka talet på kritisk sjuke pasientar raskt og det var stor uvisse om kor farleg viruset var.

– Medan folk i Noreg kunne følgje nyheitene om smittetala som auka, verka det som om styresmaktene i Noreg gjorde svært lite. Det var minimalt med risikokommunikasjon. Det var ein vent-og-sjå-haldning utan tiltak. I denne perioden stupte tilliten, seier Fjæran.

Den 12. mars snur grafen på dagen og veks betydeleg.

Det var datoen då norske styresmakter innførte dei første nasjonale og mest inngripande smitteverntiltaka i Noreg i fredstid, med forbod mot større arrangement og stenging av barnehagar, skular, treningssenter, svømmehallar og idrettsaktivitetar.

– Med éin gong tiltaka blei sette inn og styresmaktene responderte, auka tilliten, understrekar Fjæran.

– Sjølv om det skjer noko uventa og styresmaktene ikkje veit kva som er dei rette tiltaka, må dei likevel kommunisere noko og vise at dei bryr seg. Elles kan det oppstå eit informasjonsvakuum, og folk hentar informasjon frå nyheitsmedium og sosiale medium. Dette kan bidra til sosial risikoforsterking eller risikodemping, forklarer Fjæran.

– Folk kan lytte til desinformasjon og feilinformasjon og oppleve aukande uro. Eller det motsette: at behovet for handling og alvoret i situasjonen blir undervurdert, noko som kan få negative konsekvensar for tilliten til – og etterlevinga av – råda frå styresmaktene, påpeikar forskaren.

Augeblinksbilete av tillit går raskt ut på dato

Kvart år blir funna frå Tillitsbarometeret presenterte under Arendalsuka i august. Undersøkinga måler tilliten til dei politiske institusjonane, organisasjonane i arbeidslivet og media.

– Under Arendalsuka får vi vite at «akkurat no er tilliten synkande» eller «akkurat no er tilliten aukande». Då er det viktig å forstå at tillitstala ofte speglar situasjonen på tidspunktet då dataa blei samla inn, seier Fjæran.

Ho åtvarar mot å trekkje konklusjonar om tillit basert på slike augeblinksbilete. Dataa gir ikkje nødvendigvis eit reelt bilete når dei blir presenterte, fordi tilliten allereie kan ha endra seg sidan innsamlinga.

– Når vi zoomar ut og følgjer dataa over fleire år, ser vi at både fallet og auken i tillit jamnar seg ut over tid. Det kan tenkjast at tala i år, i lys av til dømes Epstein-saka og avsløringar om kontakt med norske styrespersonar, viser noko anna enn tala frå i fjor, som viste ein svak auke frå året før, peikar Fjæran på.

Samfunnssikkerheitsforskaren understrekar at tillit er sensitiv for kriser og uønskte hendingar. Det viser til dømes tillitsfallet i samband med finanskrisa i 2008 eller nedgangen i tillit i Noreg frå 64 prosent i 2021 til 48 prosent i 2023 (målt av OECD), som mellom anna er blitt forklart med auka levekostnader, høgare renter, inflasjon, nasjonale politiske skandalar og endringar i den geopolitiske verdssituasjonen.

Men over tid, understrekar ho, vender tilliten tilbake til eit normalnivå.

– Vi ser variasjonar i tillit frå år til år, men også under koronapandemien kunne tilliten auke og falle frå veke til veke, minner forskaren oss om.

Tekst: Karen Anne Okstad, avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt

Artikkelen er først publisert i Forskning.no 14.06.2026.