Forskingsgruppa har som mål å forstå korleis sosiopolitiske praksisar og prosessar fungerer i samspel og endring.
Populism, anti-gender and democracy
2020-2026
6
Den økende populistiske mobiliseringen har betydelige konsekvenser og utgjør en stor utfordring for samfunnet, politikken og forskningen.
Om forskargruppa

Forskargruppa Populisme, anti-kjønn og demokrati ved Universitetet i Stavanger vart etablert i 2020, og vart dei første fire åra leia av professor i sosiologi Hande Eslen-Ziya. Frå januar 2024 overtok professor i kjønnsforsking, Elisabeth Lund Engebretsen, som leiar.
Gruppa samlar forskarar på tvers av fagfelt for å studere populisme, anti-kjønnstrendar og demokratiske utfordringar i dagens samfunn, både nasjonalt og globalt.
Oppblomstringa av populistiske rørsler har store konsekvensar og utgjer ei betydeleg utfordring for samfunn, politikk og forsking. Populisme bidreg i stor grad til å undergrave demokratiske normer, mellom anna ved å utnytte splittande retorikk og utfordre prinsipp om inkludering, toleranse og respekt for minoritetar og kvinners rettar. Vi ser òg forsøk på å reversere hardt tilkjempa likestillingsgevinstar og på å marginalisere sårbare grupper. Populistiske rørsler undergrev evidensbasert kunnskap og fornuftig debatt ved å appellere til kjensler og forenkla «sanningar». Dette gjer det vanskeleg å handtere komplekse samfunnsutfordringar, som til dømes feilinformasjon om klimaendringar og kjønnsmangfald.
Difor er det avgjerande å etablere og oppretthalde eit samarbeidande og støttande forskingsmiljø for UiS-forskarar og eksterne kollegaer som arbeider med desse spørsmåla. I inneverande periode er målet å byggje vidare på det solide fundamentet frå gruppas første år og å vidareutvikle teoretiske og metodiske tilnærmingar på tvers av fagområde – inkludert statsvitskap, sosiologi, medieforsking, feministisk teori, queer- og kjønnsstudium. Forskargruppa har særleg mål om meir eksternt, internasjonalt samarbeid og prosjektutvikling.
Forskergruppas mål:
- Etablere og oppretthalde ein solid plattform for faglege dialogar om populismeforsking, og skape moglegheiter for samarbeid om forskingssøknader.
- Styrkje tverrfagleg samarbeid ved å knyte forskarar på tvers av UiS.
- Arrangere møteplassar og seminar som samlar forskarar som studerer populisme og anti-kjønnstrendar globalt.
- Utvikle og utvide nasjonalt og internasjonalt samarbeid med forskarar og institusjonar for felles forskingsprosjekt, formidling av kunnskap til offentlegheita og samarbeid med sivilsamfunnsorganisasjonar.
Du kan lesa meir om prosjektet på den engelske siden til forskergruppen.
Forskargruppa
Professor Cheryl Potgieter (Durban University of Technology, Sør-Afrika)
Dr Ramona Dima (Lecturer in Gender Studies, Södertörn University, Sweden)
Special Section: Contemporary Forms of Illiberal and Anti-feminist Mobilizations of Gender
