Det årlege Colab-møtet samla forskarar og praktikarar frå fleire land. Over tre dagar diskuterte dei mellom anna ny læringsplattform, kommande bok, og nye prosjektsøknader. I tillegg besøkte dei Stavanger fengsel og Semeg-stasjonen for barn og pårørande.
Samarbeid og innovasjon
Colab (Collaboration within Criminal Justice Services) er eit prosjekt som ser på utfordringar knytt til dårleg mental helse blant kriminelle og innsette i fengsel, noko som kan påverke samfunnstryggleik og risikoen for nye lovbrot.
– Vi prøver å betre samarbeid mellom psykiske helsetenester, kriminalomsorgen og andre tenester, seier professor ved Institutt for sosialfag og prosjektleiar Sarah Hean.
Heilt sentralt i prosjektet er samarbeid og innovasjon. Dei undersøkjer mellom anna om modellen ”Change laboratory model”, kan brukast innan kriminalomsorg.
– I modellen finn organisasjonane sine eigne løysingar, med rettleiing frå akademikarar. Modellen har blitt brukt i ei rekke organisasjonar, men ikkje i fengsel tidlegare. Kor nyttige er denne og andre intervensjonar i fengsel, er noko av det me prøver å finne ut, seier Hean.
Nyttige praksisbesøk
Med seg i prosjektet har ho forskarar og praktikarar frå fleire land. Colab er eit Horizon2020 Marie Sklodowska Curie-prosjekt, som betyr samarbeid både på tvers av sektor og landegrenser.
I Noreg undersøkje prosjektet mellom anna samarbeid i fengsel med lav til medium sikkerhet og Overgangbolig, som er ein gradvis tilbakeføring til samfunnet etter soning. I Storbritannia arbeidar dei blant anna med ei frivillige organisasjon som kallar seg The Footprints Project. Prosjektet tek seg av folk før dei kjem i fengsel og dei som kjem ut.
– Å jobbe på tvers av sektor kan vere krevjande sidan vi ikkje snakkar same språk. Då er det ekstra viktig å byggje relasjonar, seier ho.
Nettopp for å byggje relasjonar med praktikarar i regionen, hadde dei to besøk i løpet av samlinga si. Første stopp var Stavanger fengsel. Der blei dei presentert for systemet, og fekk omvising i mellom anna uteområdet og området for familiebesøk.
– Dette er eit veldig interessant og innovativt fengsel. Vi var imponert av det vi såg, og eg er takknemleg for at dei tok seg tid til å ta imot oss, seier Hean.
Vidare gjekk turen til Semeg-stasjonen på Vigrestad. Semeg arbeidar for barn som pårørande, blant anna barn med foreldre i fengsel.
– For oss var det interessant å sjå korleis dei arbeidar med barn som har foreldre I fengsel. Dei fortalde om grupper kor barna fekk snakke med andre i same situasjon, seier ho.
Siw-saken blir undervisningsmateriell
Colab består av fleire arbeidspakkar. Eit sideprosjekt som ikkje var planlagt frå starten er eit samarbeid med Stavanger Aftenblad om Siw-saka. Historia om kvinna på kanten av samfunnet har skapt debatt, mellom anna om samarbeid mellom ulike instansar.
Under ein workshop i samband med nettverk for velferdsforsking tidlegare i år, møttes ein av journalistane bak saka, Thomas Ergo, Sverre Nesvåg frå Korfor og Hean til paneldebatt. Dei har halde kontakten etterpå, og det har mellom anna resultert i at alt det skriftlege materialet frå avisartikkelen er blitt omsett til engelsk.
Tekstane skal nå vidareutviklast til undervisningsmaterial, og analyserast med tanke på stereotyping.
– Dette er eit sideprosjekt som nå blir tatt inn i Colab. Prosjektet er støtta av UiS, Stavanger Afenbladt og FrittOrd.
I tillegg skal Ergo og Hean saman undervise pdh-studentar innan helse.
– Han kan presentere på ein heilt anna måte enn eg kan gjennom akademiske artiklar, seier Hean.
Bok og læringsportal
Formidling av kunnskap er ein stor del av arbeidet i prosjektet. Det blir mellom anna laga ein nettportal med læringsressursar.
– Her vil vi presentere noko av undervisningsmaterialet og verktøy vi trur kan vere nyttige i arbeid med å betre samarbeidet.
Og ei bok er under planlegging. Her vert ekspertise frå dei ulike delane av prosjektet samla. På seminaret diskuterte dei kvarandre sine kapittel.
– Ofte er det berre redaktøren som har oversikten og les alt. Det er veldig fint at fleire får den oversikten, seier prosjektleiaren.
Planlegg neste søknad
Dette var den tredje samlinga i Colab, og rundt 25 forskarar og praktikarar frå fleire land var samla i Stavanger. Hean meiner det er ei helt spesiell atmosfære blant deltakarane i gruppa.
– Det spesielle med Colab er at vi ikkje berre er kollegaer. Vi har blitt vener og, seier ho.
Prosjektet vert avslutta i februar 2021, og dei har alt starta tenke på kva som ska skje etter det. Relasjonar, godt samarbeid.
– Det vil vere synd å ikkje halde fram. Sjølv om vi veit at EU-prosjekt er krevjande og at vi kjem til å være fortvilte, har vi gode relasjonar og godt samarbeid. Det er ingen store ego i vårt team, seier ho.
Planen er å søkje eit nytt EU-prosjekt, og ho vil involvere fleire i søknadsskrivinga.
– Sist gong var det berre eg som skreiv. Det er viktig at fleire stemmer enn mi blir høyrd, avsluttar ho.
Først publisert 07.10.2019