UiS leiar historieprosjekt om Årdal

Bygdebokverket for Årdal skal nyskrivast og utvidast med gardshistoriske framstillingar og forteljingar. Prosjektet skal følgja folket – familiar og enkeltpersonar – frå tidleg på 1500-talet og fram til vår eiga tid.

Published Sist oppdatert

Handskrive dokument frå 1597 som tyder eit arveoppgjer frå Årdal.
Dokumentet tyder eit arveskifte frå Årdal i 1597.

– Målet med prosjektet er å bidra til forskinga om og formidlinga av gardshistorie, bondeøkonomi og lokalsamfunn. Gardshistoriene skal skrivast på same forskingsbaserte og kvalitetsmessige nivå som gardshistoriene og bygdebøkene for resten av Hjelmeland kommune, fortel Nils Olav Østrem, prosjektleiar for «Årdal-prosjektet».

UiS har leiings- og eigaransvaret for «Årdal-prosjektet», og i tillegg til prosjektleiar vil UiS engasjera ein bygdebokforfattar i ein prosjektperiode på to år, med eventuell forlenging. UiS blir prosjekteigar for manusutarbeiding til bygdeboka og for innsamling til databanken.

Historieskriving av høg kvalitet

Østrem fortel at forskingstradisjonen om gardar, gardsbruk og husmannsplass i det norske historiefaget står knapt tilbake om målestokken skal vera «eksellent» historieskriving og sogegransking. Excellence er eit kriterium i dei standardiserte, engelskspråklege prosjektbeskrivingane Noregs forskingsråd (NFR) gjer bruk av. Framifrå formidling og grunnforsking har vore gjort innan den sterke norske bygdeboktradisjonen. Lenge var også fokuseringa på det gards- og lokalhistoriske feltet sterkt innanfor universitets- og høgskulesektoren. Framleis blir det drive med lokalhistorie, mikrohistorie og byhistorie ved høgskular og universitet i Norge.

Prosjektleiaren meiner at det for interesserte er verdt å gjere seg kjent med det europeiske forskingsprosjektet om integrert bondeøkonomi, som blei gjennomført for få år sidan.

– I det heile vil det vera ønskjeleg at den som blir tilsett som bygdebokforfattar for Årdal er godt fagleg og historisk orientert. Den gardshistoriske framstillingsforma er ganske bunden, men rangerte søkjarar til «Årdal-stillinga» vil basert på prosjektbeskrivinga gjennom prøveforelesing og intervju bli inviterte til refleksjonar omkring korleis det kan skrivast om gardar historisk, fortel Østrem.

Lærdom om levebrød

Gardar – ressursar – levebrød er tre stikkord for kva gardshistorie bør handla om. Opplegget for gardshistoria bør tilpassast den rolla jorda spelte for levebrødet og levemåten til menneska på garden.

Aktualitet er til stades i eit gards-, busetnads- og befolkningsprosjekt som «Årdal-prosjektet». Østrem trur det har allmenn interesse å bringa fram nye perspektiv og ny kunnskap om tidlegare historiske ordningar. Historisk har garden, gardsbruket og husmannsplasset vore langvarige og vedvarande produksjonseiningar som kan gi lærdom om og forståing av levebrødsløysingar, livsvilkår og matforsyning i tidlegare tider. Noko av denne kunnskapen kan vera verdt å ta med som perspektiv eller praksis i vår eiga samtid. Innhaldsmessig kan eit historieprosjekt ha innverknad på alternative løysingsval og overlevingsstrategiar i vår eiga «historiske», moderne tid.

Tekst: Kristin Vestrheim Cranner.

Meir informasjon om prosjektet

Professor i historie
51831538
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk