UiS veks stadig på forsking

UiS har auka sin forskingsproduksjon frå 2020 til 2021 og ligg på ein fjerdeplass blant universiteta om ein ser på publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett.

Published Sist oppdatert
Forskningslaben Molecular Parasitology and Mitochondrial Biochemistry.
Desse forskarane publiserer forsking som fortel oss korleis mikrobar påverkar menneskehelsa, dyrehelsa og mattryggleiken. Frå venstre: Eva Pyrihovà, Kaneez Fatima, Regine Haugland, Martin Watson og Mark van der Giezen.

Universitetet i Stavanger held fram med si auking av forskingsproduksjon. Det viser 2021-tala som i dag er publiserte på Database for statistikk om høgare utdanning.

Samla har UiS 1407,6 publikasjonspoeng i 2021. Ei auking på 5,6 prosent samanlikna med 2020 då vi hadde 1332,5 publiseringspoeng.

UiS sine samla publikasjonspoeng år for år:
2021: 1407,6
2020: 1332,5
2019: 1298,1
2018: 1137,5

Fjerdeplass blant universiteta

Talet som viser kva UiS i gjennomsnitt produserer av forsking per vitskapleg tilsett er på 1,29 publiseringspoeng. Her har UiS ein liten nedgang frå i fjor, men stadig over gjennomsnittet og stadig blant dei universiteta som er mest produktive, berre bak dei tre store: UiO, UiB og NTNU.

Publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett ved norske universitet 2021:
Universitetet i Oslo (1,86)
Universitetet i Bergen (1,61)
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (1,44)
Universitetet i Stavanger (1,29)
Norges miljø- og biovitskaplege universitet (1,23)
Universitetet i Agder (1,23)
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (1,03)
Nord universitet (1,02)
OsloMet– storbyuniversitetet (0,99)
Universitetet i Sørøst-Norge (0,81)

Om ein ser på publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett på fakulteta utmerkar Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiS seg med 1,92 poeng per vitskapleg tilsett.

Tekst: Karen Anne Okstad