Elin Austbø Simonsen har i si ph.d.-avhandling undersøkt korleis lærarar realiserer djupnelæring i kunst- og handverksfaget – eit av dei største, men ofte undervurderte, faga i grunnskulen.
Utforskar djupnelæring i kunst og handverk
Kva vil det seie å leggje til rette for djupnelæring i kunst og handverk? Denne problemstillinga står sentralt i doktorgradsarbeidet til Elin A. Simonsen, tidlegare stipendiat ved Institutt for grunnskulelærarutdanning, idrett og spesialpedagogikk (IGIS) ved Universitetet i Stavanger.
Frå faglærar til forskar
Simonsen har bakgrunn som faglærar med master i formgiving, kunst og handverk frå Høgskolen i Oslo (no OsloMet), og har undervist både i grunnskulen og i lærarutdanninga. Gjennom fleire år i klasserommet har ho sett korleis lærarar dagleg tolkar og tilpassar læreplanar – noko som inspirerte henne til å undersøke nærare korleis dette skjer i lys av den nyaste læreplanreforma.

Kva skjer når djupnelæring møter handverk?
Med Kunnskapsløftet 2020 blei djupnelæring eit sentralt omgrep i alle skulefag. I avhandlinga si har Simonsen undersøkt kva som kjenneteiknar lærarar på mellomtrinnet sine prioriteringar når dei skal realisere djupnelæring i arbeid med den handverksretta delen av kunst og handverk-faget.
Ho fann at læreplanen i kunst og handverk er uklar på kva djupnelæring faktisk inneber når det gjeld elevane sine handverksferdigheiter. Lærarane som deltok i studien, støtta seg i stor grad til eiga erfaring, faglege kompetanse og profesjonelt skjønn når dei skulle tolke og omsetje læreplanen til praksis.
– Lærarane eg har intervjua, fortel at dei er usikre på kva djupnelæring skal bety i faget – både som prosess og som resultat hjå elevane, seier Simonsen.
Mange vidarefører difor praksisar frå tidlegare læreplanar, men gir likevel elevane rike moglegheiter til å utforske materiale, verktøy og teknikkar. Elevane utviklar begynnande handverksferdigheiter, men har ofte ei fragmentert forståing av eige læringsutbytte.
Er djupnelæring eit realistisk mål?
Studien peikar på at fleire faktorar påverkar lærarane si evne til å fremje djupnelæring – mellom anna tid, utstyr, gruppestorleik og læraren si eiga utøvande kompetanse.
– Lærarane stiller spørsmål ved om djupnelæring faktisk er ei realistisk målsetjing i arbeid med handverk på grunnskulenivå, forklarer Simonsen.
Relevans for lærarar og forskarar
Resultata frå forskinga kastar lys over utfordringar og moglegheiter knytt til læreplanreforma og kan bidra til vidare diskusjonar i både kunst- og designdidaktiske fagmiljø og i utdanningsforsking generelt.
– Tematikken er også aktuell for lærarar på ulike nivå i utdanningsløpet, både innan kunst og handverk og i andre praktiske og estetiske fag, seier Simonsen.
Her finn du phd-avhandlinga til Elin Simonsen.
Tekst: Kristin Vestrheim Cranner.
Foto: Getty Images.