
Forskningsdagene i Stavanger-regionen 2025
17. til 28. september 2025
Gratis og for alle
Forskingsdagane er ein årleg festival som finn stad over heile landet. Festivalperioden er tolv dagar, og i løpet av denne perioden kjem forskarane ut av kontora og labbane for å vise, fortelje og samtale med deg om kva dei forskar på. Tema for Forskingsdagane i 2025 er tryggleik. På denne sida vil du etter kvart finne meir om årets festivalprogram, der vi mellom anna skal feire at Stavanger er 900 år. I mellomtida kan du sjå noko av det vi har gjort tidligare år.
Tryggleik er tema for Forskingsdagane 2025
Temaet gir rom for å tenkje stort og breitt, og tryggleik angår oss både som individ og samfunn. I regionen har vi mange dyktige forskarar som jobbar fram kunnskap og teknologi for at du, eg og verda rundt oss skal få ei betre og tryggare framtid.

Krig, opprusting og politisk uro pregar verdsbiletet i dag. Og beredskap og velferdsutvikling er aktuelle problemstillingar på den nasjonale dagsordenen. På personleg plan kan tryggleik vere knytta til økonomi, jobbmarknad, arbeids- og skolemiljø, oppvekstvilkår og fysisk og psykisk helse.
Opplever folk at verda er blitt meir utrygg enn før? Bekymrar ungdom seg meir for framtida? Kva slags konsekvensar kan det i så fall ha, og korleis kan forsking og teknologiutvikling vere med på å bygge trygge individ og samfunn?
Fleire av FNs berekraftsmål er relatert til tryggleik. Til dømes mål om å utrydde svolt og fattigdom, sikre tilgang til god utdanning, reint vatn og gode sanitærforhold, jobbe for anstendig arbeid, mindre ulikskap og berekraftige byar og lokalsamfunn, sørge for god helse og livskvalitet og stoppe klimaendringane.
Forskarar i vår region jobbar kvar dag med å gje verda viktig kunnskap for at vi skal nå måla. Forskinga deira har mellom anna gitt oss kunnskap om korleis vi kan gjere fødselen tryggare for både barn og mødre, sikre at fleire barn og unge veks opp utanfor fattigdom og kjenner seg trygge i barnehagen og på skolen. Vi har også forskingsmiljø som arbeider med beredskap og samfunnssikkerheit, som ser på korleis vi kan skape sikre og robuste byar for alle borgarar, som er opptekne av demokrati og tryggleik i digital teknologi og tenester, som utviklar nye energiløysingar, engasjerer seg i helsetekonologi, pasienttryggleik og diagnostikk og behandling, samt mykje, mykje meir.
Under Forskingsdagane 2025 får du bli kjent med nokre av forskarane og forskinga i regionen som kan vere med på å løyse dei store utfordringane verda står overfor.
Forskningsdagene + ULLTRA = Ungdommens forskernatt på UiS
Fredag 26. september 2025 inviterer Universitetet i Stavanger elevar og lærarar på vidaregåande skolar i Rogaland til ein kveld fylt av kjekke, underhaldande og engasjerande opplevingar.

Universitetet i Stavanger er medarrangør når Stavanger feirar at byen er 900 år. Eit av jubileumshøgdepunkta er framtidsfestivalen ULLTRA som skal vise ungdom korleis dei kan vere med å påverke framtida. Under festivalen inviterer universitetet vidaregåande skolar frå heile Rogaland til Ungdommens forskarnatt på UiS. Det blir ein kveld fylt av underhaldande forskings- og kunnskapsformidling.
Fredag 26. september står forskarar, studentar og andre tilsette ved UiS klar til å ta i mot dei påmeldte skolane og gje elevar og lærarar eit innblikk i kva som føregår på universitetet. Deltakarane kan velje blant ulike lab-besøk, miniforelesingar og ei rekke kjekke aktivitetar innan eit bredt utval av fagfelt og tema.
Arrangementet er ein del av det europeiske initiativet Researchers' Night. Denne fredagen er forskarar i 25 land og 400 byar over heile Europa engasjert i små og store arrangement for å gje publikum ein smakebit på forskinga si, vise kva forsking kan hjelpe oss med og korleis det er å jobbe som forskar.
Forskingsglimt: Sjå presentasjonane til deltakarane frå Forskar Grand Prix Stavanger 2024!
I 2024 var den uhøgtidelege formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix tilbake i Stavanger. No har deltakarane spelt inn presentasjonane sine, sånn at også du som ikkje var til stades på showet i Folken kan få eit innblikk i aktuell forsking i regionen.
På scena i Folken i september 2024 hadde ti forskarar fire minutt på seg til å begeistre publikum og dommerpanelet med forskinga og ikkje minst formidlinga si. To av dei vart sendt vidare til den nasjonale finalen i Oslo, der doktorgradsstipendiat Sasan Zarghoni Hoffmann frå UiS kom på andreplass.
I serien Forskningsglimt har vi samla presentasjonane som vart spelt inn i studio seinare på hausten. Og no kan du lære meir om alt frå skattejakt med sjølvkøyrande robotar, sjukdom og fertilitet hos menn til lesestrategiar, grønn omstilling i industrien og boligsektoren, berekraftsundervisning på skulen og korleis lærarar kan skape tryggleik og god læring, om livet på flukt i dag og under andre verdskrigen, og få eit nytt syn på Tolletaten.

Deltakarane i Forskar Grand Prix 2024 var bak frå venstre: Veronica Olin Øverlid (VID), Thomas Meldahl Olsen (UiS), Marte Pupe Støyva (UiS), Sasan Zarghooni-Hoffmann (UiS), Øystein Nybøe (UiS) og heilt framst f.v.: Ingrid Hilmer (UiS), Frida Layti (UiS) og Veronika Lorentzen (UiS). Gudrun David Sigmo (SUS) og Cecilie Aarøe (UiS) var ikkje til stades då biletet vart teke.
Her kan du lese meir om deltakarane i Forskar Grand Prix Stavanger 2024.
Kva er Forskingsdagane?
Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg tolv dagar lang festival i regi av Forskingsrådet som Universitetet i Stavanger og ei rekke andre forskings- og kunnskapsinstitusjonar i heile landet tar del i. Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forsking.

Gjennom ei rekke forskjellige arrangement kan folk i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forskingsverda. Arrangementa går føre seg både på og utanfor forskarens vante arena for forskingsformidling.
Festivalen har blitt arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskningsfestivalar. Kvart år peikar Forskningsrådet ut eit overordna tema for festivalen som dei fleste arrangementa handlar om på ein eller annan måte.
Festivalen startar kvart år på onsdagen i veke 38 og varer til søndagen i veke 39.
Arbeidsgruppa for Forskningsdagene Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Rogaland fylkeskommune, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen og eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.
Smakebitar frå programmet i 2024
Forskingspub, Forskingstorg, Forskar Grand Prix og Forskar-standup, panelsamtalar, debattar, foredrag, teater og skulebesøk her er noko av det publikum kunne få med seg i 2024.
Program for 2025 kjem
Arbeidsgruppa for Forskingsdagane Stavanger-regionen består av folk frå Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), Norce, Norsk Oljemuseum, Rogaland fylkeskommune, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, VID vitskaplege høgskole og Universitetet i Stavanger. UiS er koordinator Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt ved UiS har koordinatoransvaret i regionen og eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på knytta til Forskingsdagane i Stavanger-regionen: forskningsdagene@uis.no Følg oss på Facebook
Har du og ditt fagmiljø som forskarar i Stavanger-regionen ein god idé til eit arrangement under Forskingsdagane? Ta kontakt på e-post: forskningsdagene@uis.no Delta på Forskingstorget? Har du og fagmiljøet ditt lyst å ha ein stand på Forskingstorget laurdag 20. september 2025? Meld di interesse til Ilse Ros: ilse.ros@tekna.no Les meir på den nasjonale nettsida til Forskingsdagane.
Opplev forskarane våre! Frå tidlegare arrangement
Takk til dei som støttar og hjelper oss!
Festivalen får støtte frå Stavanger kommune / Kunnskapsbyen Stavanger, Rogaland fylkeskommune, Forskerforbundet og Norges Forskningsråd.
Ei rekke andre aktørar bidrar til innhald, aktivitetar og enkeltarrangement. Vil du vere med? Send oss ein e-post!