Hopp til hovedinnhold

Forskingsdagane i Stavanger-regionen

Fred og konflikt er tema for årets festival, som startar onsdag 22. september. Dei neste ti dagane byr vi på eit variert program for vitelystne i alle aldrar. Sjå programmet her.

Publisert: Endret:
Forsker standup på Kåkå
Forskningstorget på torget i Stavanger
Andre arrangement på Folken, Kåkå, Arkeologisk musem, Universitetsbiblioteket

Program 2021

Kulturminner i konflikt

Ons. 22.09.2021

16:30-18:00

Arkeologisk museum

Familiefred for enhver pris?

Tor. 23.09.2021

13:00-14:00

Universitetsbiblioteket

Kunnskapsfest på Oljemuseet

Tor. 23.09.2021

18:30-21:00

Oljemuseet

Litteraturens kraft i miljøkrisa

Fre. 24.09.2021

11:00-12:00

Universitetsbiblioteket

Young Researchers' Night

Fre. 24.09.2021

16:00-23:00

Folken

Forskningstorget i Stavanger

Lør. 25.09.2021

11:00-15:00

Domkirkeplassen i Stavanger

Matløypa på Ullandhaug

Søn. 26.09.2021

12:00-15:00

Ullandhaug

Barneuniversitetet: Handelskrig og piratangrep i middelalderen

Tir. 28.09.2021

09:00-11:00

Arkeologisk museum

Kroppsøving, folkehelse og toppidrett - heng det i hop?

Tir. 28.09.2021

12:00-13:00

Tappetårnet, Studentenes hus på Ullandhaug

Migrasjon – drømmen om fred?

Tir. 28.09.2021

19:00-21:00

Folken

Barneuniversitetet: Hvor gammel blir en tiger?

Ons. 29.09.2021

11:00-13:00

Arne Rettedals hus

Forsker-standup på Kåkå

Ons. 29.09.2021

19:00-21:30

Kåkå/Påfyll

Simulering av blodstrøm i hjernen med teknologi fra olje og gass

Ons. 29.09.2021

19:00-20:00

Arkeologisk museum

Forsker-standup på Kåkå

Tor. 30.09.2021

20:00-21:30

Kåkå/Påfyll

Gratis museumslørdag

Lør. 02.10.2021

10:00-16:00

Sandnes og Stavanger

Lær om krigeren på Arkeologisk museum

Lør. 02.10.2021

11:00-15:00

Arkeologisk museum

Krigerlørdag på Jernaldergården

Lør. 02.10.2021

11:00-15:00

Jernaldergården

Det store teaterslaget i Kristiania

Lør. 02.10.2021

13:00-14:00

Garborgsenteret på Bryne

Kartenes makt

Lør. 02.10.2021

14:00-15:00

Iddis, Gamle Stavanger
Forskar Grand Prix er det største arrangementet under Forskingsdagane. Ida Sjursø fra Læringsmiljøsenteret gjekk heilt til topps i den lokale finalen på Folken i september 2020.

Om Forskingsdagane

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg ti dagar lang festival i regi av Noregs forskingsråd som Universitetet i Stavanger og ei rekke andre forskings- og kunnskapsinstitusjonar i heile landet tar del i.

Eit viktig mål for festivalen er å skape begeistring og forståing for forskning. Gjennom ei rekke forskjellige arrangement kan folk i alle aldrar og på alle kunnskapsnivå få eit innblikk i forsknigsverda. Arrangementa går føre seg både på og utanfor forskarens vante arenaar for forskingsformidling.

Festivalen har blitt arrangert kvart år sidan 1995 og er ein av Europas store, nasjonale forskningsfestivalar. Kvart år peikar Forskningsrådet ut eit overordna tema for festivalen som dei fleste arrangementa handlar om på ein eller annan måte.

Festivalen startar kvart år på onsdagen i veke 38 og varer til søndagen i veke 39.

Arbeidsgruppa for Forskningsdagene Stavanger-regionen består av folk frå BI Stavanger, Jærmuseet, Museum Stavanger (MUST), NORCE, Norsk Oljemuseum, Stavanger universitetssjukehus, Tekna, Universitetet i Stavanger og VID vitenskapelige høgskole. UiS har koordinatoransvaret i regionen samt eit spesielt ansvar for ekstern kommunikasjon.

Prosjektleiar for Forskingsdagane i Stavanger-regionen er Unni Berland, kommunikasjonsrådgjevar ved Universitetet i Stavanger

Les meir på nettsida til Forskingsdagene

På labben

På labben er ein programserie som vert sendt dagleg på Instagram TV under Forskingsdagane, der sjåaren får besøke ulike forskarar på labben deira. Her fortel forskarar om korleis dei jobbar på labben, og ikkje minst kvar labben er. For det er ikkje slik at alle forskarar jobbar i kvit frakk og med reagensrøyr på ein labb. Forsking skjer på mange ulike stadar, og sjåaren får eit innblikk i gjennom filmar sendt inn frå forskingsinstitutt som vil visa fram korleis dei jobbar.

Du kan sjå filmar frå heile landet her.

Filmar frå Forskingsdagane i Stavanger-regionen

Fekk du med deg dette?