Kunst i lærarutdanninga gir kreative lærarar

Lærarstudenter har liten tro på eigne kunstneriske ferdigheiter. Men dersom dei får kunstbasert undervisning i løpet av lærarutdanninga, vil dei bli tryggere på å ta fleire kreative sjansar i klasserommet.

Published Sist oppdatert

En lærer tegner en jordklode i kritt på bakken sammen med en gruppe elever
KREATIVE LÆRARAR: Lærarstudentar som fekk kunstbasert undervisning løpet av utdanninga, blei tryggare på å ta i bruk kreative undervisningsmetodar i eigen praksis. (Illustrasjonsfoto: Getty Images)

Forsking viser at lærarstudentar manglar sjølvtillit til å praktisere kunstnariske aktivitetar og er skeptiske til undervising i lærarutdanninga som legg vekt på kunstbasert læring. Studentene er ofte usikre knytt til opne læringsprossear og kreative oppgåver. Samtidig er det viktig at framtidige lærarar hjelper barn og unge til å vere kreative og opne for nye idear i ei verd som stadig er i endring.

Ei oppsummering av forsking - eit systematisk kunnskapsoversyn - som ser på læringsutbyttet lærarstudentar har av kunstbasert undervising i løpet av utdanninga, konkluderer med at studentane fekk eit anna syn på bruk av estetiske metoder i læraryrket i løpet av undervisninga. Studentane blei meir sjølvsikre når det gjaldt eigne kunstnariske evner og utvikla nye tankar og idear om korleis dei kunne bruke estetiske undervisningsmetodar i klasserommet. Dei følte seg mellom anna sikrare på, og meir villige til, å ta kreative sjansar i eigen undervising.

Gjennom kunstbasert undervisning lærte studentane mellom anna å fange merksemda til elevane i klasserommet, finne nye og kreative måtar å løyse problem på og kople seg på interessene og perspektiva til elevane. Lærarstudentane såg interessa elevane hadde i å engasjere seg i fleire kunstformer, og anerkjente dermed kunst som motiverande for læring på tvers av fag. Lærarstudentane opplevde òg at kunstbaserte tilnærmingar skapte opne og inkluderande læringsmiljø der alle barn kunne uttrykke seg.