Nobelprisane forklart for folk flest

Kva prestasjonar ligg bak prisane og kva betyr dei for deg og meg? Svaret får vi når UiS inviterer til Nobel-pub på Arkeologisk museum.

Published Endret

Kvart år blir nobelprisane delt ut til folk som har gjort ekstraordinære prestasjonar innanfor sine fagfelt. Dette går føre seg med pomp og prakt i desember månad. Då vert det gjort stas på prisvinnarane under den såkalla Nobel-veka i Stockholm og Oslo. 

Grafikk som viser portrett og to organisasjonslogoer
Årets fredsprisvinnarar. Ill. Niklas Elmehed © Nobel Prize Outreach

Ofte er det svært få utanfor prisvinnarane sine eigne fagfelt som verkeleg forstår prestasjonane som ligg til grunn for prisen. Det vil Universitetet i Stavanger gjere noko med. 9. desember, dagen før sjølve prisutdelinga, inviterer vi til eit nobelpris-arrangement. Her vil forskarar frå UiS presentere årets prisvinnarar og forklare bakgrunnen for prisane og kva vitskaplege oppdagingar og bidrag som vert feira. 

Arrangementet har fått tittelen Nobel-pub og finn stad i Kafé Ask og Embla på Arkeologisk museum fredag 9. desember klokka 18. Dørene opnar klokka 17.30, og kafeen er open med alle rettar. Arrangementet er gratis, og alle er velkomne. Vil du vere heilt sikker på å få plass, kan du melde deg på her. Arrangementet vil foregå delvis på på norsk og delvis på engelsk.

Store prestasjonar – forklart for folk flest

Portrettbilde av mann
Guttorm Andreasen er programleiar for Nobel-puben

Guttorm Andreasen er programleiar for kvelden og passar på at fagfolka snakkar så vi som ikkje er ekspertar kan forstå. For kva skjuler seg bak omgrep som samanfletta foton, Bell-brot, genomar, klikk-kjemi og bioortogonale reaksjonar? Korleis kan eit forfattarskap og ei økonomisk krise langt tilbake i tid bidra med analyse og innsikt som går rett inn i samfunnsdebatten i dag? Og kva rolle kan sivilsamfunnet spille i arbeidet for fred og demokrati?

Det er nettopp det publikum skal få svar på denne kvelden.

– Vi ønsker å få fram at prestasjonane som ligg til grunn for prisane også betyr noko for liva til folk flest. Dette er ein hyllest til vitskapen, litteraturen og fredsarbeidet. Ved å løfte fram desse vitskaplege prestasjonane og bidraga skal vi som samfunn få inspirasjon og håp for framtida, seier Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved UiS og ein av initiativtakarane til arrangementet. Han skal presentere medisinprisen, som i år går til ein forskar som har gitt oss kunnskap genmaterialet vårt. På den måten kan vi betre forstå korleis menneskeartar har utvikla seg og blanda seg, og korleis genar frå tidlege forfedrar mellom anna påverkar kroppens evne til å slå ned infeksjonar.

Nobels minnepris i økonomi er eit anna godt eksempel på korleis nobelforskinga er viktig for oss alle.

– Årets pris handlar om banker og bankkriser. Forskinga til dei tre prisvinnarane visar korleis rolle bankane har i samfunnet vårt, og kvifor dei kan bidra til å forsterke økonomiske kriser. Bernanke har til dømes sett på korleis krisa i banksystemet forverra den store økonomiske depresjonen på 1930-talet. Denne kunnskapen brukte han då han var leiar av USAs sentralbank under finanskrisa i 2008, og mange meiner han redda verda for ei liknande skjebne den gong. Dei to andre prisvinnarane, Diamond og Dybvig har hjelp oss forstå korleis bankar både er nødvendige, men òg ei konstant kjelde til risiko, og kva vi kan gjere for å regulere dei, seier Anders Åkerman, professor i samfunnsøkonomi på UiS. Han har eit særskilt fokus på globalisering og teknologisk utvikling, og kva slags effekt desse faktorane har på forskjellar og produktivitet. Åkerman har mellom anna vore med i den svenske koronakommisjonen og analysert korleis pandemien har påverka den svenske økonomien.

Eit lite stykke Nobel i Stavanger

– Vi har lenge hatt lyst til å gje folk eit nærare innblikk i nobelprisane, fortel Olav Eggebø frå forskingsavdelinga ved UiS. Saman med van der Giezen og fysikkprofessor Alexander Rothkopf har han planlagt nobelkvelden. Etter to år der koronarestriksjonar har stukke kjeppar i hjula, ser han fram til å få gjennomført ein Nobel-pub med publikum til stades.

– Så vidt vi veit, er dette det einaste arrangementet der alle nobelprisane og vinnarane vert presentert for eit allment publikum. For UiS er det heilt opplagt at også folk utanfor forskings- og fagmiljøa skal få innsikt i kva kunnskapen nobelvinnarane har gitt oss, betyr. Derfor inviterer vi til ein folkeleg og uhøgtideleg kveld på Arkeologisk museum. Her kan folk kjøpe seg noko godt i kafeen, setje seg til rette og få kunnskapen servert frå fagfolka frå UiS.

Nobelprisane 2022

Nobelprisen i fysikk går til Alain Aspect (Frankrike), John F. Clauser (USA) og Anton Zeilinger (Østerrike) for arbeidet deira med kvanteinformasjon. Prisen vert presentert av Aleksander Rothkopf, professor i fysikk ved institutt for matematikk og fysikk.

Nobelprisen i kjemi er tildelt K. Barry Sharpless (USA), Morten Meldal (Danmark) og Carolyn R Bertozzi (USA). Dei får prisen for arbeidet med såkalla klikk-kjemi, som er ein funksjonell måte å byggje molekyl på. Magne Olav Sydnes, professor ved institutt for kjemi, biovitskap og miljøteknologi, har fått i oppgåve å presentere pris og forsking.

Nobelprisen i fysiologi eller medisin går i år til Svante Päabo (Sverige). Han får årets nobelpris i medisin for å ha kartlagt det genetiske arvematerialet til neandertalarane og vist korleis mennesket har utvikla seg. Prisen vert presentert av Mark van der Giezen, professor i biologisk kjemi ved institutt for kjemi, biovitenskap og miljøteknologi.

Nobelprisen i litteratur skal delast ut til Annie Ernaux (Frankrike). Ho vert rekna som ein av Frankrikes fremste samtidsforfattarar, og i grunngjevinga vert ho rosa for å skrive skarpt og modig. Brita Strand Rangnes, litteraturvitar og pro-dekan for undervisning ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora, vil introdusere prisvinnaren og gje oss kontekst både for prisen og Erneux' forfattarskap.

Nobels fredspris går i år til ein person og to organisasjonar. Menneskerettsforkjemparen Ales Bialiatski (Belarus), menneskerettsorganisasjonen Memorial (Russland) og menneskerettsorganisasjonen Center for Civil Liberties (Ukraina) får prisen for arbeidet dei gjer med å dokumentere krigsforbrytingar, brot på menneskerettar og maktmisbruk heimlanda. Pris og prisvinnarar vert presentert av Ellen Ravndal, førsteamanuensis ved institutt for medie- og samfunnsfag. Ho forskar på internasjonal politikk, med særskilt vekt på rolla til internasjonale organisasjonar og den historiske utviklinga av det internasjonale samfunnet.

Nobels minnepris i økonomi vert delt av Ben S. Bernanke, Douglas W. Diamond og Philip H. Dybvig. Dei får prisen for kunnskapen dei har gitt oss om finanskriser og bankar. Prisvinnarane og forskinga deira vert presentert av Anders Åkerman, professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen ved UiS.

Arrangementet er gratis og opent for alle, så langt det er plass. Gratis påmelding her!

Bildekollage med seks portretter og en nobelmedalje
Forskarpanelet som presenterer årets nobelprisar. Øverst frå venstre: Brita Strand Rangnes, Ellen Ravndal, Alexander Rothkopf, Anders Åkerman, Magne Olav Sydnes og Mark van der Giezen.