Arrangerer seminar for å auke kompetanse på forskingssøknadar

Nettverk for velferdsforsking arrangerer denne hausten ei seminarrekke med mål om å støtte opp under utvikling av gode og konkurransedyktige forskingssøknadar.

Published Endret

Nettverksleiar Ingunn T. Ellingsen og Steinar Kristiansen. Foto: Hulda Mjøll Gunnarsdottir.


– Det er i tråd med nettverkets visjon om å bidra til velferdsforsking som utforskar og utfordrar samfunnsmessige vilkår for velferd, og å bidra til forsking som fører til ny kunnskap for eit framtidsretta velferdssamfunn, fortel Ingunn T. Ellingsen, leiar for Nettverk for velferdsforsking.

Ellingsen håpar at initiativet vil bidra til å motivera fleire til å søke forskingsmidlar når dei har gode forskingsidear.

– Mange har en for høg terskel å søke eksterne forskingsmidlar, anten fordi dei ikkje har gjort det før eller fordi ein misser litt motet når søknadane ikkje når heilt opp, seier ho.

Drar nytte av ekstern kompetanse

Seminarrekka arrangerast i samarbeid med forskingsavdelinga ved UiS, som også støttar arrangementet økonomisk. Den er utarbeida i tett samarbeid med Steinar Kristiansen, tidlegare seniorrådgjevar ved Norges Forskingsråd. Han har også deltatt i evaluering av fleire velferdsreformer.

– Me er heldige som får dra nytte av den kunnskapen og kompetansen Kristiansen har på det velferdspolitiske området generelt og forskingssøknader spesielt, seier Ellingsen.

Dei siste åra har Kristiansen gjort analyser av en rekke panelevalueringar frå Forskingsrådet på vegne av fagmiljø ved Oslomet og UiO, og han har også vurdert og kommentert ei rekke søknadsutkast frå UH-sektoren.

– Han kjenner derfor godt til kva kvalitets- og vurderingskriterier som er viktige å være oppmerksame på når ein skal søke midlar til forsking, fortel Ellingsen.

Målgruppe og komande arrangement

Målgruppa er fyrst og fremst forskarar knytt til nettverket og nettverket sine medlemsinstitusjonar, men seminara er også opne for andre som er opptekne av velferdsspørsmål og velferdsområde.

Tverrfagleg forsking på tvers av sektorar er sentralt i velferdsforsking, og nettverket ynskjer å stimulere til samarbeid på tvers av disiplinar og fagmiljø, og samstundes stimulere til velferdsforsking som bidrar til ny kunnskap.

– Det hadde vært ein fin bonus om seminarrekka også bidrog til utvikling av prosjekt på tvers av medlemsinstitusjonen, seier Ellingsen.

Komande seminar som inngår i seminarrekka:

  • 28. september kl. 09.00-12.00: Forskingsleiing og forskingsdesign.
  • 25. oktober kl. 09.00–12.00: Brukarmedverknad i forsking – moglegheiter og potensielle interessekonfliktar.
  • 26. oktober kl. 09.00–13.00: Etikk og personvern.
  • 10. november 09.00–12.00: Metode, empiri og evidenskunnskap (effektstudiar).
  • 11. november kl. 09.00–13.00: Evalueringsforsking (fysisk seminar).
  • 23. november kl. 09.00–13.30: Kvalitetskrav og evalueringskriterium.
  • 29. november–10. februar: Moglegheit for individuell oppfølging. Det er også eit ynskje om å arrangera eit skriveseminar i desember 2021.

Tekst: Ingunn T. Ellingsen og Live Kolstad Kvalsvik