Første helsesjukepleiarar med master frå UiS

UiS uteksaminerer i år det første kullet med ei mastergrad i helsesjukepleie. Dette vil styrka helsetilbodet til barn, unge og familiar.

Published Sist oppdatert
Helsesykepleie kull 2017-2020
Nye helsesjukepleiarar vil styrke helsetilbodet for barn, unge og deira familiar. (Foto: Cathrine Sneberg)

Først publisert 21. september 2020. Tekst: Cathrine Sneberg

Hausten 2017 fekk første kull opptak til det nye masterprogrammet i helsesøsterfag, og no blir dei uteksaminert som helsesjukepleiarar. Kandidatane får ikkje berre med seg ein ny tittel frå studiet, dei har òg tileigna seg kunnskap og kompetanse som vil utgjera ein forskjell i livet til mange menneske.

– For mange barn og unge er helsesjukepleiarar heilt avgjerande for at dei kjem seg igjennom barne- og ungdomstida. For mange nybakte mødrer og fedrar er dei ein god støttespelar som bidrar til at dei kjem heilskinna gjennom småbarns tida, sa prodekan Bjørg Oftedal i opningstalen på masteravslutninga.

Kunnskapsbasert praksis i feltet

Etter tre år med deltidsstudiar og fleire samlingar kvart år, kan våre nyutdanna helsesjukepleiarar endeleg feira graden.

– Utdanninga gir ein startkapital som de no skal forvalta, vidareutvikla og foredla. Det inneber at de framleis vil søka kunnskap som ei livslang læring, la Oftedal til.

For mastergraden skal ikkje berre utdanna flinke helsesjukepleiarar til skular og helsestasjonar. Den skal òg sikra meir forsking på helsa til barn og unge, og sikra kunnskapsbasert praksis der forsking blir tatt i bruk i feltet.

Manglar forsking på eiga yrkesutøving

Som del av avslutninga, presenterte sju av kandidatane funna frå masteroppgåvene sine. Tema for oppgåvene spenner frå skulehelsetenesta til helsestasjon, frå rolla til helsesjukepleiar i mobbesaker, til rettleiing på samspel mellom barn og foreldre, og prevensjonsrettleiing til unge kvinner.

Elisabeth Marcussen
Elisabeth Marcussen med logo for tilbodet «helse på hjul» (Foto: Cathrine Sneberg).

Ein gjengangar i funna deira er at helsesjukepleiarar i praksisfeltet er dyktige i sine møte med barn, unge og familiar, men at dei manglar eit felles språk for det dei gjer i praksis. Mellom anna kan det å artikulera og dokumentera ein magekjensle etter ein konsultasjon vera svært utfordrande. 

– Masteroppgåvene som no er levert reiser nye spørsmål og refleksjonar som kan inspirera kommande studentar, sa Marit Alstveit, førsteamanuensis ved helsesjukepleieutdanninga.

Ei av oppgåvene har òg allereie bidratt til innovasjon i praksis. Elisabeth Marcussen er helsesjukepleiar i Bykle kommune, og ho har i oppgåva si sett nærmare på helsestasjon for ungdom i rurale strøk. Som følgje av oppgåva hennar er det utvikla ei mobil «helsestasjon på hjul» i kommunen for å styrka tilbodet til unge.

Førebyggande og helsefremmande arbeid

Master i helsesjukepleie gir spesialisering i førebyggande helsearbeid i kommunehelsetenesta for og med barn, unge og familiar, og dessutan vitskapleg og metodisk kompetanse til forskings- og utviklingsarbeid på fagfeltet.

– Ei mastergrad betyr òg at du har kunnskap til å leia kunnskapsbasert utviklingsarbeid i praksis og ein danning for å sjølvstendig utvikla eigen praksis vidare, understrekar professor Terese Bondas.

Kari Ugland
Kari Ugland trakk fram samhaldet mellom faglærarar og studentar i talen sin (Foto: Cathrine Sneberg)

Bondas har, saman med Alstveit, hatt fagansvar for dei første masteroppgåvene i helsesjukepleie ved UiS.

I talen frå studentane løfta Kari Ugland fram viktigheita av gode lærarar og god rettleiing under heile studieløpet. Ho trakk òg fram eit godt studentfellesskap som ein viktig faktor for at dei no har fullført løpet.

Desentralisert løp

Det er som kjent stor mangel på helsesjukepleiarar i Noreg. I Lindesnes, Lister og Setesdal var det totalt for få personar med godkjent helsesjukepleiarutdanning for å dekke eksisterande stillingar. Det vart difor teke initiativ til eit desentralisert løp innan helsesjukepleie i samarbeid mellom UiS og desse tre regionane.

Fleire av dei nyutdanna helsesjukepleiarane fekk sitt opptak til studiet gjennom dette samarbeidet. Dei bidrar no til å styrke tilbodet til barn, unge og familiar i distrikta med kompetanse og innsats på førebyggande arbeid.