Gav statsråden råd om praksis i utdanninga

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø vil knyte studentar og arbeidsliv tettare saman. Difor er ho spesielt interessert i den nye praksisordninga i statsvitskap og sosiologi ved UiS.

Published Sist oppdatert
Frå venstre Amalie Skaiå Larsen, Maria Aasbø, Iselin Nybø, Johanna Holmes, Ann Karin Tennås Holmen, Jan Erik Jacobsen og Turid Borgen.
Frå venstre Amalie Skaiå Larsen, Maria Aasbø, Iselin Nybø, Johanna Holmes, Ann Karin Tennås Holmen, Jan Erik Jacobsen og Turid Borgen.

Fyrste gong publisert november 2018. Tekst/foto: Karoline Reilstad.

Statsråd Nybø viser til at mange studentar opplever utdanninga som lite praksisrelevant, og at det kan vere vanskeleg å sjå kva utdanninga kan brukast til. Det vil ho gjere noko med, og ho har varsla at det kjem ei stortingsmelding. Tysdag vitja ho Stavanger mellom anna for å lære meir om praksisordninga innan sosiologi og statsvitskap ved Universitetet i Stavanger.

– Her er det praksis i fag det ikkje er vanleg å ha praksis i, og det vil me høyre erfaringar frå. Me treng idear og tankar til det spannande arbeidet me så vidt har starta, seier Nybø.

Bind saman teori og praksis

Medan praksis er ein sentral del av utdanningar som lærar og sjukepleiar, er det mindre vanleg på disiplinstudia. På bachelorstudia i sosiologi og statsvitskap ved UiS var dei første studentane i praksis i vår.

Sosiologistudent Johanna Holmes var ein av dei som var i praksis. I 16 veker var ho hjå Ungt Entreprenørskap kor ho mellom anna var med på nettverkssamling, innovasjonscamp og Entreprenørskapsdagen.

– Det var litt skummelt, men samtidig såg eg moglegheiter eg ikkje hadde tenkt på før. Eg hadde sosiologi-brillene på, og eg fekk bruke teoriar i praksis, seier ho.

Maria Aasbø, dagleg leiar i Ungt Entreprenørskap Rogaland, skryt av Holmes og fortel at dei kan bruke arbeidet ho gjorde, rett inn i sitt vidare arbeid. Samtidig understrekar ho at det må vere kjemi for at praksisopphaldet skal bli vellukka.
– Det er viktig at studenten «fungerer», at han eller hun likar å hive seg med og trives med varierte arbeidsdagar, seier ho.

Til våren skal nye sosiologi- og statsvitskap-studentar ut i praksis. Fleire har søkt enn i fjor, og i desse dagar er det intervjurundar. Amalie Skaiå Larsen har fått plass hjå Ungt Entreprenørskap og gler seg.

– Det eg er mest spent på, er korleis eg kan bruke det eg har lært på statsvitskap. Eg reknar med at det kan bli offentleg politikk og avgjerdspolitikk, men eg er spent på korleis teori kan nyttast i praksis, seier ho.

Ann Karin Tennås Holmen, førsteamanuensis ved Institutt for medie- og samfunnsfag, har stått i bresjen for å på plass tilbodet om praksis innan sosiologi og statsvitskap.

– Frå både studentar og verksemder er tilbakemeldingane gode. Studentane leverte godt arbeid, og det er artig å sjå korleis dei veks undervegs, seier ho.