Hopp til hovedinnhold

Gode vanar for ein sunnare og friskare kvardag

Eit nytt år, ein ny start og nye moglegheiter. Har du planar om å komma i betre form i 2021? Her deler idrettsprofessoren vår dei beste tipsa sine for ein sunnare kvardag.

Publisert: Endret:

Forsking viser at regelmessig fysisk aktivitet gir overskot i kvardagen, fremmar helse og reduserer stress. Fleire studiar viser òg at trening er bra for studieprestasjonane dine! Evne til å organisera kvardagen blir forbetra, og ein ser gode effektar på konsentrasjon, problemløysing og læring.

Gode vanar er dermed viktig for å ta vare på vår fysiske og psykiske helse, men det er ikkje alltid så lett å endra gamle eller skapa nye vanar. Kor mykje skal eigentleg til for å få betre rutinar i kvardagen?

Gammal vane er vond å venda?

– Det er ikkje nødvendig å trena hardt for å få betre helse. Små grep i kvardagen kan ha stor effekt, meiner Sindre M. Dyrstad, professor i idrettsvitskap ved Det helsevitskaplege fakultet.

Når dagane blir fylte med digital undervisning og heimesitting, er det ekstra viktig å komma seg opp frå stolen og halda på nokre rutinar. Under frukostmøtet Påfyll delte idrettsprofessoren vår nokre enkle tips om etablering av en meir fysisk aktiv studentkvardag.

Professoren sine beste tips

  1. Start roleg og variert. Auk gradvis.
    Sett realistiske ambisjonar for å oppleve meistring og unngå skadar. Å ta i bruk beina som transportmiddel er ein god aktivitet som for mange er lett å inkludera. Vær bevisst på å legga inn smugmosjon i kvardagen som å ta trappene framfor heis, gå av bussen eit stopp for tidleg osv.
  2. Gjer noko du liker, men det treng ikkje alltid vera lystprega.
    Ulike typar menneske søker ulike aktivitetar. At du finn ein aktivitet du liker er viktig for at du skal halde ein ny vane over tid. Ikkje spring fordi naboen gjer det, eller fordi kjærasten seier det!
  3. Finn deg ein treningsbuddy.
    For mange er det sosiale aspektet viktig. Nokre blir motiverte av konkurranse, medan andre liker å ha nokon å prata med under treninga. Faste avtalar er òg vanskelegare å bryta.
  4. Hugs på at det tar tid å danna nye vanar.
    Ha fokus på vegen i staden for målet. Dersom du ønsker å etablera gode og varige treningsvanar og komma i betre form, bør regelmessig mosjon bli ein del av livsstilen din.

Kor mykje skal til?

– All aktivitet i kvardagen hjelper! Du vil få effekt på helsa berre du startar på noko. 30 minutt med aktivitet kvar dag er eit godt råd for dei fleste, men hugs at det kan delast opp i bolkar gjennom dagen, forklarer professoren.

Å gå til butikken eller sykla i staden for å ta buss kan vera ein god start. Kanskje kan ein gruppetime på SiS Sportssenter vera eit nødvendig utløp for frustrasjon og stress i travle eksamensperiodar? Eller kan planen om ein tur rundt Mosvatnet etter ein lang Zoom-forelesing, motivera deg til å halda fokus?

Sjølv korte turar i naturen kan ha stor helsegevinst! Ta deg ein pause frå bøkene og få deg litt frisk luft, oppmodar professoren. Ta med ein venn for selskap på vegen, eller gå åleine for å klarna tankane etter ein lang studiedag. Finn turen din blant tusenvis av forslag på UT.no.

Tekst: Cathrine Sneberg

Om Påfyll

Frukostmøta Påfyll blir arrangert av Det helsevitskaplege fakultet kvar onsdag frå kl. 08:15-09:00 enten på Zoom eller i kantina i Kjell Arholms hus. Det vil vekslast mellom samtalar, debattar, skråblikk, humor og innlegg om helse og andre spørsmål som kan setja i gang den gode praten. Det vil vera ei avgrensa mengde plassar tilgjengeleg grunna smittevern. Studentar ved Det helsevitskaplege fakultet vil ha prioritet våren 2021.