Hopp til hovedinnhold

Gorm Kipperberg er ny professor i miljøøkonomi ved UiS

Gorm Kipperberg er tildelt opprykk til professor i miljøøkonomi på Handelshøgskolen ved UiS. Forskinga hans fokuserer på spørsmål innan miljø-, ressurs- og energiøkonomi.

Publisert: Endret:
Professor Gorm Kipperberg. Foto: Thomas Søyland og Eivind Andås

Kipperberg si forskingsekspertise er miljøverdsetting. Sofistikerte datainnsamlings- og analyseteknikkar vert nytta til å setje pris på miljøgoder og tenester, samt estimere kostnadar forbunde med miljøskadar. Han forskar også på hushald og bedrifter si vilje til å foreta miljøvennlege val.

Denne kunnskapen er avgjerande for samfunnsøkonomien og utforming av politikk for industriell utvikling, miljøvern og klimatiltak.

Kipperberg si miljøøkonomiske forsking inkluderer konkrete temaområde som handtering av avfall, gjenvinning og sirkulær økonomi, utvikling av fornybar energi, havtransport og farar for oljeutslepp, turisme og rekreasjon, samt havbruk og gruvedrift.

LES MER: En tur på stranden er verdt 135 kroner

Forskinga hans er publisert i leiande internasjonale tidsskrift som Environmental and Resource Economics, Land Economics, Tourism Management, Marine Resource Economics, and Energy Policy, Samfunnsøkonomen og i den interne fagfellevurderte artikkelserien til Statistisk Sentralbyrå.

Forska på miljøkostnadar forbunde med kystindustri

I perioden 2017–2020 leia Kipperberg prosjektet Coast-Benefit – Verdsetting av økosystemtjenester for bærekraftig forvaltning av kystarealer og marine naturressurser og var forskingspartnar på prosjektet Endringer i bruk og verdsetting av marine økosystemtjenester i Nord-Norge (MARES). Målet var å undersøkje eksterne miljøkostnadar forbunde med industrielle aktivitetar langs kysten av Noreg.

Til saman vart desse prosjekta tildelt 15 millionar kroner frå Noregs Forskingsråd.

Årets beste forelesar 2011

Professor Kipperberg er kjend som ein lidenskapeleg og dyktig faglærar. I 2011 fekk han pris for beste forelesar ved Universitetet i Stavanger.

Kipperberg har gitt fleire kurs i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri, samt undervist miljøøkonomi til studentar i Noreg, USA, Tanzania, Japan og Brasil. Forutan undervising har han rettleia fleire bachelor- og masteroppgåver, samt vore hovudrettleiar for to doktorgradsstipendiatar.

I 2014/2015 representerte Kipperberg UiS som samfunnsøkonom i ei ekspertgruppe utnemnt av regjeringa kor oppdraget var å utarbeide ein beredskapsplan for ekstreme vêrsituasjonar: NOU 2015:16 – Overvann i byer og tettsteder — Som problem og ressurs.

Tekst: Åse Lea

Gorm Kipperberg

Gorm Kipperberg (49) vart tilsett som førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger hausten 2008 etter to år som amanuensis ved Colorado State University, USA.

Kipperberg har master- og PHD-grad i Agricultural & Resource Economics fra UC-Davis (CA, USA) og to bachelorgrader (Business Administration og Economics) frå Pacific Lutheran University (WA, USA).

Mellom bachelorgrader og høgare studiar arbeidde han som juniorøkonom ved Seattle Public Utilities (WA, USA) i fire år (1995-1999).

Kipperberg er gift med professorkollega Yuko Onozaka. Saman har dei døtrene Mei (15) og Miya (12).

Gorm Kipperberg