Innlegg frå rektor: Grøn omstilling

Vegringa mot omstilling ser ein i stort og smått – i både næringslivet og politikken.

Published Sist oppdatert

Humleenga på UiS campus_humler og blomster
Humleenga på UiS som ledd i berekraftig campusutvikling. Foto: Siri Pedersen/UiS

Innlegget ble fyrste gong publisert i juni 2020.

Mellom bøker og grøne plantar sit eg aleine på ei lita scene på Sølvberget og stirer inn i kamera. Her er det tomt og stilt. Ingen andre sit her framme, og i salen er det berre eit par teknikarar og ein møtearrangør. Ikkje desto mindre er eg altså med i ein panelsamtale om omstilling og berekraft. Det er i sanning ei spesiell tid.

Ny normal, eller den same gamle?

Gjennom ein øyreplugg kjem stemma til professor Dag O. Hessen (UiO) like frå Litteraturhuset i Oslo, med bod om at verda aldri vil bli den same når krisa er over. Vekst og velstand har kome menneska til gode, medan andre artar på jorda har fått det verre. Toleevna er truga, og no har verda nådd eit vippepunkt. Liv og levesett vil måtte leggast om, seier Hessen – og ser teikn på at eit paradigmeskifte i erkjenning er i emning.

Tankesettet er forførande, men eg er redd eg ikkje kan dele optimismen. I alle fall ikkje fullt ut. Det er for mykje som tydar på at omstillinga eigentleg ikkje har festa seg. Kanskje i ord, men ikkje i handling.

Like fullt er omstilling det store, politiske slagordet i vår tid. Elefanten i rommet, om ein vil. Som alle står og skular på, men berre dei færraste tør å nærme seg. Vegringa mot omstilling ser ein i stort og smått. Fortsett er det slik at dei fleste av oss helst vil halde fram med livsstilen som har teke oss hit me er i dag. Berre dei færraste er klare til å unne seg mindre, leve meir langsamt eller betale for berekraft. Tilsvarande tendensar ser ein i næringslivet – og i politikken. Samstundes er det no ein gong slik at om me ikkje legg om kursen, så risikerer me å ende opp der me stemnar. Og det er ikkje ein triveleg destinasjon.

Endringar og utfordringar

For den enkelte vil omstillinga innebere at liv og levesett blir lagde om til eit mønster som er til mindre last for miljøet og klimaet. For næringslivet trekk det i retning av meir skånsame former for produksjon og drift. I tillegg må samansettinga av vare- og tenestetilbodet, for ikkje snakke om energiforsyninga, endrast i berekraftig retning. Og for økonomi og samfunn må omstillinga innebere at næringar og verksemder som høyrer til gårsdagen, må leggast om eller vike plass for næringar som høyrer til morgondagen.

Omlegginga vil føre med seg utfordringar for individ, næringsliv og samfunn. Somme vil bli hardare ramma enn andre, og omstillinga vil etter alt å døme produsere vinnarar og taparar. Her er det planar og politikk blir så viktig, slik at ein landar på balanserte løysingar som eit breitt fleirtal kan slutte opp om.

Utvikling og bruk av kunnskap

Til dette vil ein trenge ny innsikt, ny kunnskap og ny kompetanse – som igjen reiser behov for forsking, utdanning og innovasjon. Vellykka omstilling vil vidare føresette at ein lykkast i å ta i bruk kunnskapen i innovasjon og forretningsutvikling. Sist men ikkje minst vil utforming og forankring av gode omstillingstiltak vere tente med open, opplyst og fordomsfri debatt.

Difor er eg glad for at grøn omstilling står sentralt i det nye utkastet til strategi for Universitetet i Stavanger (UiS), som akkurat er drøfta av styret vårt. Her heiter det at UiS skal vere eit opent universitet med høg trivsel blant studentar og tilsette, at vår felles retning skal drivast av omsynet til berekraftig omstilling, og at energi, helse og læring for livet skal vere våre fremste satsingsområde.

UiS sin strategi for dei neste ti åra bygger på erkjenninga av at Noreg står overfor ei stor omstilling som vil prege Stavanger-regionen meir enn resten av landet. Me vil bygge kunnskap som kan trekke samfunnet og næringslivet i ei retning som kan bidra til å løyse dei store samfunnsutfordringane. Ved UiS vil me sørge for at grøn omstilling kan legge til rette for ei meir berekraftig og rettferdig samfunnsutvikling, drive fram nye måtar å forvalte naturressursar på og legge grunnlag for betre byar og lokalsamfunn.

Samspel og samarbeid

Om denne utviklinga vil me meir enn gjerne samarbeide – med arbeids- og næringslivet, med politikarar og styresmakter på alle nivå, og med sivilsamfunnet. Gjennom eit slikt samarbeid vil me dele raust av den forskingsbaserte kunnskapen hos våre eigne studentar og tilsette. Samstundes vil me nytte samspelet med verda rundt oss til å suge til oss eit mangfald av inntrykk som i sin tur kan påverke tilpassinga av utdanning, forsking og innovasjon ved vår eigen institusjon.

UiS skal kjenneteiknast av kvalitet og relevans. Men i tider som desse er det kanskje vel så viktig å minne om verdien av autonomi, integritet og sjølvstende. Nokon må seie frå når keisaren er utan klede. Spesielt viktige blir slike kvalitetar i ei tid der tilliten til forskingsbasert kunnskap er på vikande front, der media og politiske prosessar er under press frå sterke særinteresser og der stadig færre kjelder til informasjon er uhilda.

Her har universiteta ei viktig rolle å spele, som hinder mot at kritikken dovnar bort, at tankekrafta svinn og at samfunnet blir avstumpa og noment. Som det heitar i UiS sitt motto: «Utfordre det velkjente, utforske det ukjente.» I rolla som uavhengig brubyggar mellom ulike delar av samfunnet, skal UiS fremje kunnskapsdeling, kritisk refleksjon og konstruktiv debatt. Berre slik kan me få til ei omstilling som ikkje berre verkar, men som og er til å leve med.