Torsdag 14. mars 2024 kl. 13:00-17:00,
                      
                            
                    Ullandhaug,
        
                    
          Ombrukshuset.
        
      
      
Handle brukte ting, klede og møblar billig i Ombrukshuset på campus Ullandhaug
            Publisert
        
  
      Sist oppdatert
    
  
To gonger i veka har IVAR ei gjenbruksteneste i den gamle skulestova som ligg mellom Hagbart Line og Kjell Arholms hus på campus Ullandhaug.
Opningstider vidare denne hausten:
Tysdagar: 13:00 til 17:00
Torsdagar: 13:00 til 17:00
Gjenbruksbutikken har fått namnet Ombrukshuset og IVAR-tilsette har ansvar for tenesta. Butikken vil vere opent to gonger i veka.
I butikken finn ein mykje kjøkkenutstyr, glas og koppar, mikrobølgeomnar og kjøkkenmaskinar – i tillegg til klede og møblar på loftet. Alt med tanke på kva som kan egna seg i ein studenthybel.