Grønt lys for vidare satsing på grønare bygg og bydelar

Future Energy Hub ved UiS er ein arena for forsking og samarbeid som i tre år har vorte støtta av Forskingsrådet, Rogaland Fylkeskommune og lokalt næringsliv. Nyleg vart det klart at Forskingsrådet gjev støtte til prosjektet i tre nye år.

Published Sist oppdatert
Energilabben på campus Ullandhaug blir nytta til å utforske korleis vind- og sol-energi verkar saman.

– Vi gleder oss til å vidareføre arbeidet vi gjer innafor grøne bygg og bydelar i samarbeid med regionalt næringsliv

Prosjektleiar Peter Breuhaus , Future Energy Hub

Prosjektet Future Energy Hub har ikkje berre fått forlenga støtte frå Forskingsrådet, men også hausta positive tilbakemeldingar frå Rogaland fylkeskommune og næringslivpartnarane. Dei støttar opp det vidare arbeidet.

– Slike Kapasitetsløft-midlar frå Forskningsrådet er meint å auke talet på fagmiljø som er relevante for næringslivet. Dette handlar om langvarige samarbeid som skal ha langvarig verknad. Vi skal omskape vår kompetanse på olje, gass, boring og reservoar til å handla meir om CO2-nøytral energi. Framleis eksisterer desse energikjelda parallelt, men den grøne delen vil vekse medan den fossile energien vil krympe, forklarer prosjektleiar Peter Breuhaus som sjølv har forskingsbakgrunn innan olje- og gass.

Peter Breuhaus, leiar av Future Energy Hub.

– Energy Hub har i løpet av desse åra styrka UiS si forsking på miljøvenlege bygg og smart bruk av fornybar energi. Dette bygger godt opp om UiS sin nye strategi kor grøn omstilling har ein sentral plass.

Styrka forskinga på miljøvenlege bygg

Prosjektet som var initiert av Forskingsnettverket for miljøvenleg energi ved UiS, har lagt bak seg tre produktive år. Koordinator Helleik Syse har vore med frå starten.

– Vår ambisjon i Future Energy Hub har vore å etablere eit godt samarbeid med lokalt næringsliv innan grønare bygg, smartteknologi og fornybar energi. Vi får midlar for å bygge kompetanse, men det skal skje på områder som er relevant for lokalt næringsliv.. Det vi held på med skal sikre samarbeid på tvers av sektorar og dekke eit reelt behov i samfunnet, forklarer Syse.

Helleik Syse, koordinator i Future Energy Hub og styrer podkasten Energisnakk.

Seks forskarar og fire doktorgradsstudentar er knytt til prosjektet. Medan næringslivspartnarane tel åtte bedrifter som støttar prosjektet direkte, i tillegg kjem klynger og nettverk som vi samarbeider med. (Nordic Edge, Grønn by, klimapartnere).

Sol-energi, Energilab og podkast

Future Energy Hub er pådrivar i fleire små og store prosjekt, som til dømes sol-energi-prosjektet på Forus i samarbeid med Forus Næringspark og Norsk Solar som skal sjå på om det er mogleg å knyte lokal solenergiproduksjon og deling av solenergi mellom bygga på Forus.

Eit nyare prosjekt om varmelagring i fjernvarme blir gjort i lag med Lyse.

Ein Energilab, Hackaton og ein podkast er etablert dei siste åra. No står nye prosjekt for tur. Syse legg ikkje skjul på at ambisjonane er høge:

– I tråd med UiS sin strategi ønskjer vi å vere ein pådrivar dei komande åra for å gjere UiS til eit senter for grøn omstilling.

Grøn omstillingspark

Future Energy Hub har i samarbeid med andre miljø planar om å gå i bresjen for å bygge opp ein grøn omstillingspark på campus Ullandhaug. I tillegg til den etablerte Energilabben ser ein for seg fleire labbar innan batteriutvikling og teknologiutvikling innan gassturbiner, varmepumper, hydrogen, hav og vind.

– Dette er alle område kor UiS og regionen har kompetanse, men som vi treng å utvikle mykje meir kompetanse på for å få styrke. Om vi verkeleg skal få trøkk på utviklinga treng vi eit meir omfattande og betre samarbeid med næringsliv og grøn industri, fortel Syse.

Fagmiljøa på universitetet ser føre seg at ved å bygge opp ein faktisk forskningspark for å samle alle dei gode aktivitetane for omstilling, så vil UiS bli ein endå meir attraktiv samarbeidspartnar for industri og næringsverksemd.

– Stavanger har i fleire tiår vore byen for olje, men no skal vi forandre det til å bli ein by med kompetanse på mange fleire energiområde. Vi ønskjer å gjere UiS til eit senter for grøn omstilling og bidra til at Stavanger framleis skal vere Noregs energi-hovudstad, påpeiker Breuhaus

Forskarar

Ved sidan av prosjektleiar Breuhaus og koordinator Syse er forskarane Homam Nikpey Somehsaraei, Tegg Westbrook, Knut Erik Giljarhus, Mohsen Assadi og Harald Røstvik kopla på med sine doktorgradsstipendiatar: Trond-Ola Hågbo, Hassan Gholami og Sasanka Niromi Ranasinghe.

I tillegg er Fredrik Skaug Fadnes i Norconsult kopla på med ein nærings-ph.d. – eit doktorgradsprosjekt som er eit samarbeid mellom Norconsult og UiS og som er relevant for bedrifta.

Tekst og foto: Karen Anne Okstad