Hopp til hovedinnhold

Gründerskolen

Gründerskolen tilbyr 30 studiepoeng innan entreprenørskap, som du tek i ein kombinasjon av teori og praksis i verdas beste innovasjonsmiljø på sommaren. Søknadsfrist 15. oktober.

Publisert: Endret:

Gründerskolen er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire universitet og høgskular i Norge. Programmet er i regi av Senter for entreprenørskap ved Universitetet i Oslo. 

Det første kullet i 1999 besto av seks studentar, men i dei siste årea har opptil 150 studentar årleg deltatt på Gründerskolen. Målsettinga er å gi studenter kunnskap om og erfaring med internasjonal forretningsutvikling, med fokus på høgteknologiske oppstartsbedriftar. 

 

Gründerskolen gir 30 studiepoeng og er godkjent for støtte frå Lånekassen. Programmet består av fire emne: introduksjonskurs på 5 studiepoeng, to 10-poengsemne som omfattar sjølve utanlandsopphaldet ved dei ulike samarbeidsuniversiteta i utlandet, og eit siste 5-poengsemne som består av to seminar og ei skriftleg oppgåve. 

 

Gründerskolen vert i hovudsak gjennomført om sommaren, og studiestadane ligg i San Francisco, Boston, Toronto, Singapore eller Houston. 

 

Introduksjonskurset for Gründerskolen blir gjennomført i løpet av vårsemesteret med obligatoriske samlingar i Oslo. Emne ved UiS som etter søknad kan gje fritak for introduksjonskkurset er Knowledge-based Entrepreneurship ved Handelshøgskolen ved UiS og Teknologisk innovasjon og entreprenørskap ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet. 

 

Gründerskolen er eit godt tilbod til masterstudentar ved UiS som har interesse innanfor området. For eventuell godskriving av programmet inn i eksisterande studieprogram ved UiS må dette avklarast med studiekoordinator ved dei enkelte programma etter spesiell søknad. Merk at dei fleste studentane frå UiS som har deltatt på Gründerskolen har tatt dette som eit tillegg til studiet de følger ved UiS. 

Søknadsfrist er 15. oktober. 

Studieinnhald

  • Arbeidspraksis og studiar
  • 10 veker i utlandet på sommaren
  • Internasjonal erfaring
  • For studenter frå alle fagfelt
  • Unikt fagleg og sosialt nettverk
  • 30 studiepoeng
  • Støtta av Lånekassen