Eit nettverk for å utvikle eit fagleg og sosialt godt samarbeid for og med tidlegare studentar.
Om Handelshøgskolen ved UiS Alumni
Handelshøgskolen ved UiS Alumni er eit nettverk for deg som har studert leiing, økonomi og/eller rettsvitskap på Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger, Høgskolen i Stavanger, Rogaland distriktshøgskole eller Høgskolesenteret i Rogaland.
Formålet med alumninettverket er å gje tidlegare studentar anledning til ei verdifull nettverksbygging, rådgjeving i karriereutvikling, fagleg påfyll og livslang læring. Som alumn vil du få invitasjonar til ulike faglege og sosiale arrangement i regi av Handelshøgskolen ved UiS og Universitetet i Stavanger, og nyheitsbrev.
Bli Alumn
Tidlegare studentar i økonomi og administrasjon, rettsvitskap, rekneskap og revisjon, økonomi og informatikk, siviløkonom og Executive MBA kan bli medlem av alumninettverket.
Kvifor bli medlem?
Vi vil gjerne at dei tidlegare studentane våre skal komma tilbake til oss å vere ein ressurs vi kan dra nytte av, samtidig som vi kan gi noko tilbake til dei som har studert hos oss. I tillegg til å få møta andre tidlegare økonomi- og/eller rettsvitskapsstudentar, både kjente og ukjente, ønsker vi å utvikla eit tettare samarbeid mellom Handelshøgskolen UiS og næringslivet gjennom dette nettverket.
UiS Alumni sentralt har i underkant av 12.000 registrerte medlemer. Alle medlemer av UiS-nettverket har fordelar med rabatt ved SiS sportssenter.
Korleis bli medlem?
For å bli medlem må du registrera deg i vår alumniportal, og melde deg inn i nettverksgruppa «Handelshøgskolen ved UiS».
Her kan du få relevante artiklar, nyheitsbrev og finne tidlegare medstudentar som også har registrert seg som alumn. Dette gjer du enkelt ved å logga deg inn med MinID, gjennom denne lenka alumni.uis.no.
Nyheiter, arrangement med meir vil òg bli publisert her på heimesida vår. I tillegg kan de følge oss på Facebook både under Handelshøgskolen UiS Alumni og Handelshøgskolen ved UiS.
Velkommen til å bli med oss!
Kven kan bli medlem?
Dette gjeld alle som har studert her sidan oppstarten av økonomisk-administrativ utdanning i Stavanger i 1969 med fullført studium frå enten Rogaland distriktshøgskule, Høgskolesenteret i Rogaland, Høgskolen i Stavanger eller Universitetet i Stavanger.
Epost: hhuisalumni@uis.no Egil C. Svela Telefon: + 47 51 83 31 06 Åse Lea Telefon: +47 51 83 37 47
Klaus Liland E-post: klaus.liland@uis.no
Aktuelt
– Eg vil beskrive programmet som førsteklasses, prestisjefylt, utfordrande, engasjerande og i verdsklasse
Hesam har studert master i økonomi og administrasjon på Handelshøgskolen ved UiS, og spesialiserte seg innan stategisk m...
Årets Alumn ved Handelshøgskolen ved UiS er Eimund Nygaard
Alumniprisen «Årets Alumn» vert gjeve til tidlegare studentar frå Handelshøgskolen ved UiS som har utmerka seg i samfunn...
– Det faglege tilbodet var attraktivt og svært treffande for mine interessar
Marie Larsen Gellein har tatt éin bachelorgrad og to mastergrader på Handelshøgskolen ved UiS. Det er det fleire grunnar...
Miljø er viktig for Nhi Le, og derfor valde ho UiS som studieplass. Nå har ho landa jobb i Vår Energi
Nhi Le hadde som mål å studere og finne svar på korleis ho kunne gjere verda betre. Spesielt fag innan miljø- og naturre...
Therese Log Bergjord tildelt HHUiS Alumnipris 2021
Therese Log Bergjord, CEO i Skretting og en internasjonal kapasitet innenfor havbruksnæringen, er tildelt Handelshøgskol...
– Økonomifaget er så mye mer enn bare tall og systemer. Det handler like mye om å finne løsninger på nye og eksisterende problemer
Silje Sletten tok en mastergrad i økonomi og administrasjon med spesialisering i innovasjon. Så ventet en konsulentjobb ...
– Dagens økonomistudenter vil få mer innovative og mindre tradisjonelle stillinger enn tidligere
Gehan Skhmot har en master i økonomi og administrasjon og har spesialisert seg i økonomisk analyse. Nå jobber hun som rå...
Ruth Vihovde Strand tildelt HHUiS Alumniprisen 2020
Ruth Vihovde Strand er seksbarnsmoren som kombinerte økonomistudier med småbarnsliv, deltidsjobb og politisk lederverv. ...
Førsommertreff for HH-UiS Alumni
Rundt 30 deltakere fikk aktivert både smakssansene og hjernecellene, da HH-UiS Alumni arrangerte et førsommertreff på Fr...
Nominering av årets alumn 2022 - frist 1. november 2022
Prisen er ei utmerking til ein alumn som er ein motivator og inspirator for nåverande og tidlegare studentar. Alumnen har gjennom hardt arbeid utmerka seg i positiv forstand, både gjennom solid karriereutvikling og bidrag til samfunns- og næringsliv. Prisen blei delt ut første gong i 2019.
For å bli vurdert for prisen, må desse kriteria vere oppfylt:
- Personen må ha fullført ein grad ved Handelshøgskolen UiS (eller tidlegare institusjonsnavn)
- Det er gått minimum to år sidan fullført grad
- Ein er nominert av andre enn seg sjølv
For å sende inn ein nominasjon fyller du ut dette skjemaet (lenke) seinast innan 1. november 2022
Beslutningskomiteen består av alumnirådet og fagmiljøet ved HHUiS.
HHUiS Alumniprisen 2022 blir offentleggjort og tildelt i løpet av hausten 2022. Spørsmål kan rettast til hhuisalumni@uis.no