KÅKÅ|nomics 2022: Kvifor skal me desentralisere, og nyttar det å forsøke?

Lørdag 29. oktober 2022 kl. 16:00-17:00,
Festsalen, Gaffel og Karaffel.

Urbanisering og sentralisering er ein tung trend i dei fleste land i verda. Norden er ikkje noko unntak.

Published Sist oppdatert
Plakat til Kåkånomics: HVORFOR SKAL VI DESENTRALISERE, OG NYTTER DET Å FORSØKE?

Samtidig ser me dei politiske motsetningane mellom sentrum og periferi er aukande. Regionar som slit med økonomisk stagnasjon og nedgang i folketalet er rikt jordsmonn for protest mot «urbane elitar». Dei regionale konfliktane forsterkar dermed den politiske polariseringa som me ser i mange land.

I Norden har både Danmark og Noreg nå regjeringer som har desentralisering og utjevning mellom by og land høgt på dagsorden. Sverige har tradisjonelt ført ein meir sentralistisk politikk, men satsar nå stort på utbygging av grøn industri i nord. Kva er årsakene til at dei nordiske landa har vektlagt sentrum-periferikonflikten forskjellig? Kva er erfaringene med regionalpolitikken i dei nordiske landa? Nyttar det å kjempe mot sentraliseringa? Kva slags tiltak fungerer? Eller er dragninga mot sentrale strøk så sterk at utviklinga vil halde fram uansett kor mykje pengar ein bruker på bremse henne?

Deltakarar:

  • Rune Dahl Fitjar, prorektor og professor i innovasjonstudiar, Universitetet i Stavanger
  • Charlotta Mellander, professor nasjonaløkonomi, Jönköping International Business School
  • Roger Buch, forskingslektor ved Danmarks Medie- og Journalisthøjskole, Aarhus
  • Jonas Stein, førsteamanuensis i statsvitenskap, UiT Norges arktiske universitet

Møteleiar: Tom Hetland, tidligere sjefredaktør i Stavanger Aftenblad

KÅKÅ|nomics 2022

KÅKÅnomics 2024

Ons. 23.10 12:00

lør. 26.10 23:59

Stavanger