KÅKÅ|nomics-konferansen for økonomisk politikk

Torsdag 27. oktober 2022 kl. 09:00-14:30,
Stavangeren (Vaisenhusgata 37).

Økonomisk politikk frå korona til Ukraina.

Published Sist oppdatert
Plakat til KÅKÅ|NOMICS-KONFERANSEN FOR ØKONOMISK POLITIKK

Så snart covid-19 slapp taket, tårna nye økonomiske uvêrsskyer seg opp på horisonten. Russland sin invasjon i Ukraina sendte nye sjokkbøljer mot Europa, og uvissa rundt økonomi og politikk er større enn på lenge.

Internasjonalt har det gryande oppsvinget fått eit skot for baugen, som følgje av større varsemd i føretak og hushald, forstyrra internasjonale forsyningskjeder og ein markant prisauke for råvarer av alle slag.

Dei internasjonale impulsane har og nådd Noreg, men blir her kompensert av gode tider for olje- og gassnæringa. Etter mange år med storforbruk av oljepengar, er spørsmålet om det no er tid for å stramme inn, blant anna av omsyn til kostnadsutvikling og konkurranseevne. Samstundes skal ein vakte seg for å kvele økonomien gjennom renteauke i blind jakt på inflasjonsspøkelset.

Krisa i Europa kastar elles lange skyggar i energimarknaden. Prisane på olje, gass, elektrisitet og CO2-kvotar har skote i vêret. Kva kan Noreg gjere for å kompensere eit bortfall av energileveransar frå Russland til Europa? Krigen og energikrisa har gitt auka kostnadar for føretak og hushald, og har i tillegg skapt uvisse rundt forsyning og prisar på det meste av råvarer og matvarer. KÅKÅnomics-konferansen tek diskusjonen om kva alt dette kan få å bety for Noreg og korleis me bør tilpasse oss

Ein særs sterk kohort av økonomar frå akademia, næringsliv og organisasjonslivet set søkelys på samspelet mellom økonomi og politikk under uroa som spelar seg ut rundt tryggleik, økonomi, energi og matforsyning.

Denne konferansen vil du ikkje gå glipp av, heller ikke i 2022! Kjøp billett her.

Deltakarar: Kjetil Alstadheim, Amund Holmsen, Øystein Dørum, Øystein Thøgersen, Hilde Bjørnland, Ragnar Torvik, Audun Korsæth, Christian Anton Smedshaug, Kjetil Lund, Stein Lier Hansen, Kristin Linnerud, Ellen Bakken, Karen Helene Ulltveit-More, Roger Bjørnstad.

KåKå|nomics 2022

KÅKÅnomics 2024

Ons. 23.10 12:00

lør. 26.10 23:59

Stavanger