Hefte: Skrivetrappa

Eit elevhefte som lærar og elev bruker saman ved undervegsvurdering av skriving.

Published Sist oppdatert

Når vi skriv, er det mykje som skal gjerast på ein gong. Det er vanskeleg å klare det. Derfor viser skrivetrappa korleis du kan dele skriveprosessen opp i mindre delar og arbeide med ein del om gongen.

Du bør starte på toppen og gå ned skrivetrappa, og du kan gjerne stoppe opp og arbeide veldig lenge på eitt trinn, og kanskje hoppe over eit av dei andre. Ved trappa står tre ord, planleggje, produsere og revidere. Det betyr at skriving kan gjennomførast i tre omgangar:

  1. Først må du planleggje og finne ut kva du skal skrive.
  2. Så kjem sjølve skrivinga, du skal produsere teksten.
  3. Til slutt skal du rette og revidere det som måtte vere feilskrive, endre på ord og ordne på setningar.

Last ned: