Hopp til hovedinnhold

Avansert luftvegshandtering i helikopter

Disputas: Det finst få retningslinjer for når og korleis avansert luftvegshandtering skal utførast utanfor sjukehus. Geir Arne Sunde har forska på behandlingar som blir brukte i dag, og korleis ein best mogleg kan hjelpa ulike pasientgrupper til å pusta.

Publisert: Endret:
Portrett av Geir Sunde
Geir Arne Sunde har forska på avansert luftvegshandtering i internasjonal luftambulanseteneste.

Første gang publisert 9. april 2019.

Den viktigaste oppgåva for legar i luftambulansen er å sikra at kritiske sjuke og skadde pasientar får pusta, enten sjølv eller med hjelp. Det finst få retningslinjer for når og korleis avansert luftvegshandtering skal gjerast utanfor sjukehus. Sunde har kartlagt behandlingar som i dag blir brukte i internasjonal legebemanna luftambulanseteneste.

Få felles retningslinjer

Optimal handtering av luftvegar krev høg kompetanse og mykje trening. Ein måte å sikra luftvegane til ein alvorleg sjuk eller skadd pasient, er å setja eit plastrør ned i luftvegane til pasientane, slik at ein kan pusta for pasienten. Oftast blir dette gjort ved å legga pasienten i narkose utanfor sjukehus. Sjølv om slik avansert luftvegshandtering går ofte føre seg i luftambulansetenesta, finst det få felles retningslinjer for når dette skal gjerast, korleis det skal gjerast, eller kva pasientdata ein skal registrera. Å samanlikna behandlingar på tvers av ulike internasjonale luftambulansetenester, med eintydige og felles data, er ein god måte å finna ut om den behandlinga som blir gitt i dag er den beste vi kan tilby pasientane.

Internasjonal standard

Dette forskingsprosjektet inkluderer 21 luftambulansetenester i seks land (England, Australia, Finland, Sveits, Ungarn og Noreg). Sunde har beskrive korleis avansert luftvegshandtering blir gjort hos hardt skadde eller kritisk sjuke pasientar, og dessutan hos hjartestans-pasientar, og korleis ulike tiltak verkar på ulike pasientgrupper. Deretter har han revidert og oppdatert ein standardisert mal for dokumentasjon og datainnsamling frå slik behandling.

Sundes forsking kan bidra til meir standardiserte metodar som kan vera med å redda livet og helsa til pasientar

Geir Arne Sunde er overlege på Akuttmedisinsk avdeling, Haukeland universitetssjukehus og anestesilege på luftambulansen i Bergen. Han disputerte for graden ph.d. i helse og medisin ved UiS 12. april 2019.