Akuttmedisin utanfor sjukehus

Disputas: Korleis kan legar best mogleg hjelpa pasientar å pusta før ein når behandling på sjukehus? Det var tema for Espen Fevangs doktorgradsavhandling.

Published Sist oppdatert
Espen Fevang har forska på ein metode der pasienten som skal intuberes vippast over på sidan og i mageleige, med ansiktet ned.

Første gang publisert 9. april 2019.

Eitt av områda innan akuttmedisin som Fevang fann at hadde behov for ny forsking, er avansert luftvegshandtering utanfor sjukehus, altså at legane sikrar frie luftvegar og hjelper pasienten med å pusta.

Dette skjer oftast med intubering, som betyr at legen fører eit plastrør ned i luftrøyret. Behandlinga kan redde liv hos dei rette pasientane viss ho blir utført raskt og riktig av helsepersonell som har riktig trening og erfaring.

Under krevjande forhold

Det å handtera luftvegar er ekstra krevjande utanfor sjukehuset. Legen må ofte sikra luftvegane og legga pasientar i narkose under heilt andre forhold enn det som er vanleg inne på sjukehuset: I vêr og vind, i mørket, i vanlege bustader, inne i ein ambulanse, og med avgrensa ressursar til å hjelpa seg. Kva pasientar som har best nytte av behandlinga, og om det er nokre pasientar som kan eller bør venta til dei kjem på sjukehus med å bli intubert, veit ein ikkje heilt sikkert enno.

Intubering og mageleige 

I eit av prosjekta undersøkte Fevang òg ein tidlegare lite beskriven metode for avansert luftvegshandtering. Han fann at ved å snu pasienten over frå å ligga på ryggen til å ligga på magen er det større moglegheiter for å handtera eit problem som ofte oppstår; nemleg at intuberingen er vanskeleg på grunn av oppkast og blod som kjem i vegen.

Forskingsarbeidet innan avansert luftvegshandtering utanfor sjukehus kan føra til at pasientane får meir presis behandling. Metoden for avansert luftvegshandtering i mageleie kan auka sjansane for å lykkast viss det er vanskeleg for medisinsk personell å få kontroll over luftvegane til pasienten ved bruk av vanlege metodar

Les meir om Fevang si forsking.

Espen Fevang er anestesilege ved Stavanger universitetssjukehus og var stipendiat ved Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Fevang disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved UiS 11. april 2019.