Disputas om behandlingstilbod ved langvarige smerter

Kine Gjesdal har forska på helsehjelp ved langvarige smerter som ikkje kjem av kreft.

Published Sist oppdatert
Portrett av Kine Gjesdal
Kine Gjesdal disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin 23. mai 2019.

Publisert første gang 20. mai 2019.

Avhandlinga har tittelen Exploring experiences of chronic pain care from the perspectives of patients and nurses: A qualitative study.

Lite tilpassa pasienten

Ho har funne at det er betydelege gap mellom optimal behandling og faktisk behandling av langvarige ikkje-kreftrelaterte smerter. Gapet kjem av at smertebehandlinga pasienten får er lite tilpassa den enkelte pasienten. Ei anna årsak er at informasjonsutvekslinga ikkje er god nok, verken mellom pasient og behandlar, eller mellom behandlarar på ulike tenestenivå.

I tillegg er det krevjande å organisera tverrfagleg helsehjelp ved dei offentlege smerteklinikkane. Dette kjem hovudsakleg av manglande ressursar og lange ventelister.

Intervjua pasientar og sjukepleiarar

I alle Gjesdals tre delstudiar vart det nytta individuelle forskingsintervju. For å utforska helsehjelpa ved langvarige smerter frå fleire perspektiv, vart både pasientar som får helsehjelp for langvarige smerter, og sjukepleiarar tilsett ved offentlege smerteklinikkar frå alle dei fire helseregionane i Noreg inkludert i studien. Totalt vart 18 personar som lever med ikkje-kreftrelatert smerte og 10 sjukepleiarar tilsett ved 10 ulike smerteklinikkar i Noreg intervjuet. Metodetriangulering som kombinerte dei to perspektiva (sjukepleiar og pasient) vart brukt i den siste delstudien.

Funna understrekar behovet for betre tilgang til og innhald i helsehjelpa som blir tilboden ved langvarige ikke-kreftrelaterte smerter. Dette vil krevja meir ressursar og kompetanse hos helsepersonell. Funna tyder òg på at meir fokus på kontinuitet er nødvendig for å forbetra informasjonsflyten, slik at pasientane aktivt kan delta i eiga behandling og dessutan behandlingsval. Dette kan òg styrka moglegheitene til pasientane for egenhåndtering av smertene

Kine Gjesdal er utdanna sjukepleiar, har mastergrad i helsevitskap og er tilsett som førsteamanuensis ved Det helsevitskapelege fakultet. Ho disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin 23. mai 2019.