Disputas om bruk av simulering til å læra opp helsearbeidarar

Når ny velferdsteknologi blir tatt i bruk i helsetenesta, må dei tilsette læra seg nye måtar å arbeida på. Veslemøy Guise har laga eit simuleringsverktøy og testa det ut i hjemmetjenesten.

Published Sist oppdatert
Sykepleiestudenter i lab
Målet med forskningsprosjektet var å lage et opplæringsverktøy for folk som ikke hadde brukt simulering før (Foto: SIv SIvertsen).

Publisert første gang 7. august 2019. Tekst: Astri Sivertsen

Dei heimebaserte omsorgstenestene er i endring, og ny teknologi gjer at pasientar og helsepersonell ikkje lenger treng å opphalda seg på same stad. Helsepersonell må derfor læra seg nye måtar å arbeida på.

Tidlegare forsking har vist at det er komplisert å ta i bruk velferdsteknologi i helsevesenet. Kommunane er ofte dårleg førebudde, og manglande kompetanse hos helsepersonell er ein av dei største utfordringane.

Virtuelle heimebesøk

Guises doktorgradsarbeid handlar om videobesøk, det vil seia virtuelle heimebesøk der pasienten kommuniserer med lege eller sjukepleiar heimefrå ved hjelp av audiovisuelle kommunikasjonsverktøy.

– For å kunna jobba på ein ny måte er det viktig at helsepersonell får skikkeleg opplæring, seier ho.

– Det er ikkje berre snakk om å læra seg å trykka på dei riktige knappane, men om å kunna kommunisera på ein slik måte at dei blir i stand til å utføra det kliniske oppdraget.

Må tilpassast lokale behov

Målet med forskingsprosjektet var å laga eit opplæringsverktøy for folk som ikkje hadde brukt simulering før. Det vart utvikla i samarbeid med sjukepleiarar, hjelpepleiarar og leiarar i heimesjukepleia i to kommunar, og testa ut på 14 tilsette i heimesjukepleia.

– For at simuleringen skal bli mest mogleg praksisnær og tilpassa dei lokale behova, er det viktig at dei som skal bruka verktøyet er med på å utvikla scenaria, seier Guise.

I prosjektet var derfor dei tilsette i heimesjukepleia med på å definera og beskriva situasjonane dei skulle trena på. I forkant av simuleringen var det ei grundig innføring i tilstanden og livssituasjonen til pasienten. Etter simuleringen reflekterte deltakarane over det dei hadde opplevd og observert.

Eit nyttig verktøy

Avhandlingen viser at simuleringsbasert opplæring gir nyttig innsikt i nye måtar å jobba på i heimesjukepleia. Ho viser òg at det er viktig å involvera tilsette og leiarar i heile prosessen med å utvikla opplæringstiltaka.

Saman med deltakarane laga forskaren fem simuleringsscenarier og ei opplæringshandbok.

– Dette er eit teknologiuavhengig verktøy som kan takast i bruk som det er, føresett at sjukepleiaren og pasientane har tilgang til utstyr for overføring av bilde og lyd, fortel Guise.

I tillegg kan det brukast i utdanninga av helsepersonell på universitet og høgskular.

Samarbeidsprosjekt

Doktorgradsstudien var ein del av Safer@Home-prosjektet, finansiert av Norges forskningsråd og med energi- og telekommunikasjonsselskapet Lyse som prosjekteigar. Resten av samarbeidspartnarane i studien var simuleringssenteret SAFER, det regionale kompetansesenteret for eldremedisin og samhandling SESAM, Stavanger universitetssjukehus og Stavanger kommune.