Disputas om bruk av tvang i bufellesskap

Anja Christoffersen Pawlica har forska på tvingande praksisar i kommunale bufellesskap.

Published Sist oppdatert
Anja Christoffersen Pawlica disputerte for ph.d-granden i helse og medisin ved UiS 29. mai 2018.

Første gang publisert 14. mai 2018.

Pawlica har i doktorgradsarbeidet sitt sett nærare på korleis tvingande praksisar blir ein nødvendig strategi for helsefagleg tilsette i bufellesskap, trass i rådande offentlege føringar om frivilligheit i helsetenestene.

Vidare skisserer ho konsekvensar for tilsette, bebuarar og resten av samfunnet gjennom ein analytisk tilgang basert hovudsakleg på den franske sosiologen Pierre Bourdieus teoretiske konstruksjonar.

Det blir argumentert for at tvingande profesjonelle praksisar fungerer som oppseding. Via oppsedingsprosessar blir unngått bruk av tvang i samsvar med lov, og dermed blir haldne oppe illusjonane i samfunnet om frivillige kommunale helsetenester. Det materialet er samla inn via eit feltarbeid basert på deltakande observasjon og dessutan formelle intervju og uformelle samtalar med bebuarar og tilsette.

Tittel på avhandlinga er «Private hjem som utstillingsvindu og tildekket miskjent tvang? Om re-oppdragelse av psykisk lidende og påføring av samfunnets orden». Doktorgradsarbeidet er finansiert av ExtraStiftelsen via Rådet for psykisk helse.

Anja Christoffersen Pawlica er utdanna sjukepleiar med vidare utdanning mellom anna til helsesøster. Ho har ei master innan helsefremmande arbeid frå Høgskolen i Vestfold. I dag arbeider ho ved Høgskulen på Vestlandet