Disputas om førebygging av sjukehusinnleggingar ved bruk av velferdsteknologi

Martha Therese Gjestsen har forska på korleis velferdsteknologi kan brukast for å førebygga sjukehusinnleggingar for eldre som bur heime.

Published Sist oppdatert
Velferdsteknologi må være drevet av faktiske behov, viser doktorgradsarbeidet til Martha Therese Gjestsen. (Foto: Elisabeth Tønnessen).

Første gang publisert 27. mars 2019.

Gjestsen si forsking har identifisert aktuelle pasientgrupper der innlegging til sjukehus kanskje kan førebyggast, og dessutan potensielle teknologiske løysingar som kan takast i bruk i denne samanhengen.

Vidare viste studien at helsepersonell i heimesjukepleia var positive til å ta i bruk velferdsteknologi, så lenge det var til hjelp i det dei daglege arbeida deira. Det var likevel ein del uvisse og manglande teknologisk infrastruktur som gjorde at velferdsteknologi ikkje var implementert og integrert i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Kartla innleggingar i eitt år

Aktuelle pasientgrupper vart identifiserte ved å kartlegga innleggingar til sjukehus i ein ett-års periode for hjemmeboende eldre som har heimesjukepleie i ein kommune. Vidare intervjua ho leiarar i kommunen og helsepersonell i heimebaserte tenester for å identifisera aktuelle pasientgrupper og potensielle teknologiske løysingar. Intervjua vart òg brukte for å beskriva faktorar som er sentrale i samband med implementering av velferdsteknologi i kommunen.

Må dekka faktiske behov

Studien framhevar kor viktig det er at bruk av velferdsteknologi må vera drive av faktiske behov. Det er heilt sentralt å ha ei definert målgruppe for ein velferdsteknologisk løysing, og dessutan at helsepersonell opplever velferdsteknologi som nyttig i arbeidet sitt.

Studien var ein del av prosjektet Implementering av velferdsteknologi i kommunar leia av forskingsinstituttet NORCE.

Martha Therese Gjestsen er kreftsjukepleiar. Ho har ei master i helsevitskap ved UiS, og jobbar som forskingskoordinator ved Senter for eldremedisin og samhandling (SESAM) på Stavanger universitetssjukehus. Ho disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin 2. april 2019.