Korleis gjere fødslar tryggare

Disputas: Robert Moshiros forsking hjelper til å gjere fødslar i fattige land tryggare.

Published Sist oppdatert
Robert Moshiro
Robert Moshiro disputerte 11. september 2020.

Moshiros forsking er del av Safer Births-prosjektet, som blei starta i Tanzania i 2013. Prosjektet skal hjelpe til å gjere fødslar tryggare for barn og mødrer i fattige land.

Oksygenmangel under fødsel fører til nesten tre millionar dødsfall kvart år. Forskarane har funne ein sterk samanheng mellom unormal fosterlyd og fødselsrelaterte dødsfall.

Nytt utstyr overvakar fosterlyd

God overvaking av fosterlyd hjelper dermed helsearbeidarar med å fange opp utsette barn og setje i gong tiltak som reddar liv. Forskargruppa Moshiro er ein del av, testar nytt utstyr som overvakar fosterlyd og som kan redde mange nyfødde.

Safar Births er eit stort internasjonalt innovasjons- og forskingsprosjekt som involverer ikkje mindre enn 100 forskarar, utviklarar og ingeniørar frå 12 institusjonar, deriblant 11 doktorgradsstipendiatar.

Moshiro disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger 11. september 2020. Han forsvarde avhandlinga Positive pressure ventilation at birth and potential pathways to newborn deaths in rural Tanzania

Om kandidaten

Robert Moshiro er utdanna lege frå Medical School in Tanzania i 2006. Han er spesialist i barnemedisin. Han arbeider ved Muhimbili National Hospital i Dar es Salaam.