Hopp til hovedinnhold

Disputas om læringsverktøy i sjukepleieutdanning

Utdanningsinstitusjonane må fokusera meir på å læra studenten korleis dei skal læra i tillegg til kva som skal lærast, ifølgje Cecilie Haraldseid.

Publisert: Endret:
Cecilie Haraldseid disputerer for ph.d-graden 21. november 2017 (Foto: Elisabeth Tønnessen).

Først publisert 16. november 2017. Tekst: Benedicte Pentz

Cecilie Haraldseid forsvarte avhandlinga Unsupervised clinical skills training in nursing education: Active student involvement in development of a technology based learning tool. 21. november 2017.

Store krav til eigentrening

Innan høgare utdanning har studentar i stor grad ansvar for eiga læring. I sjukepleiarutdanninga er evnetrening eit av dei områda der det blir forventa stor eigeninnsats. Her trenar studentane på evner som til dømes stell av sår og medisinhandtering.

Meistring av desse evnene stiller store krav til studenten og små feilmarginar kan få alvorlege konsekvensar. Utdanningsinstitusjonane har i aukande grad tatt i bruk teknologiske læringsverktøy for trening av evner i simulerte pasientsituasjonar.

Studentane aktive deltakarar

Haraldseid har i avhandlinga undersøkt korleis eit teknologisk læringsverktøy kan støtta studentanes eigentrening på kliniske evner. Arbeidet har føregått i tre fasar; i første del vart studentane inviterte til å fortelja korleis dei vanlegvis trenar og kva dei synest var vanskeleg. Deretter vart studentane sjølv aktivt involvert i utviklinga av det teknologiske læringsverktøyet. Til slutt vart det undersøkt korleis studentar kan nyttiggjera seg eit slikt verktøy.

Gjennom studentanes involveringa vart viktige læringsbehov kartlagt og innhaldet i læringsverktøyet utforma for å dekka behova. I uttestinga av det teknologiske læringsverktøyet viste resultata at evna studentane hadde til å nyttiggjera seg verktøyet hadde samanheng med evna til å handtera eigen læringsprosess.

Korleis like viktig som kva

Avhandlinga konkluderer med at studentar bør aktivt blir involverte i utvikling av læringsaktivitetar innan sjukepleiarutdanninga for at aktivitetane skal kunna møta behovet til studentane. Studentanes eigentrening krev i tillegg førehandskunnskapar om kritisk tenking, refleksjon og korleis lause problem i fellesskap. Dette inneber vidare at utdanningsinstitusjonane må fokusera meir på å læra studenten korleis dei skal læra i tillegg til kva som skal lærast.