Hopp til hovedinnhold

Disputas om å leva med uforklarte brystsmerter

Korleis er det å leva med uforklarte brystsmerter? Det har Ingrid Ølfarnes Røysland forska på i doktorgraden sin.

Publisert: Endret:
Ingrid Ølfarnes Røysland
Ingrid Ølfarnes Røysland (59) er utdanna psykiatrisk sjukepleiar med hovedfag i helsevitskap. Ho er tilsett som førsteamanuensis ved UiS. 

Første gang publisert 5. mars 2020.

Røysland forsvarte avhandlinga si Living with unexplained chest pain. Experiences of information needs and physical activities då ho disputerte for ph.d.-graden i helse og medisin ved Universitetet i Stavanger 4. mars 2020.

Eksistensiell uvisse

Avhandlinga viser at for menneske som lever med uforklarte brystsmerter, inneber det eit liv i eksistensiell uvisse. Korleis ein sjølv opplever symptoma til kroppen, påverkar sterkt helsesituasjonen for personen.

Sårbarheit og yteevne blir balansert i daglege aktivitetar. Men ved å vera fysisk aktive og delta i høgintensitets-treningsprogram for personar med uforklarte brystsmerter, opplever fleire at dei meistrar symptoma og får ein lettare kvardag med betre helse og trivsel.

Ikkje fått nok merksemd 

Røyslands forsking bidrar til innsikt og forståing for ei gruppe som det er lite merksemd rundt. Korleis desse pasientane opplever dagleglivet sitt er av vesentleg tyding for sjukepleie- og helsevitskap. Funna kan brukast til vidare forsking på korleis det opplevast å leva med uforklarte brystsmerter, og dessutan identifisera helseutfordringar som ikkje alltid er gitt nok merksemd.

Vidare kan funna brukast til å utvikla verktøy som på eit tidleg stadium kan hjelpa pasientane til å oppnå god helse og trivsel i dagleglivet. Denne kunnskapen kan òg vera relevant for andre pasientgrupper med uforklarte symptom på sjukdom. Avhandlinga gir eitt viktig kunnskapsbidrag til sjukepleie- og helsevitskap.

Livsverdensperspektiv

Røysland har mellom anna intervjua 16 kvinner og 11 menn, og dessutan nytta dagbøker til 12 personar. Informantane er rekrutterte via kardiologiske poliklinikkar. Perspektivet i avhandlinga er eit såkalla livsverdensperspektiv, som kallar den konkrete levde verda som kvar av oss lever i.