Disputas om trening under behandling av brystkreft

Har kvinner med brystkreft nytte av trening under cellegiftbehandling? Det har Anne Marie Lunde Husebø forska på i doktoravhandlinga si.

Published Endret
Portrett av Anne Marie Lunde Husebø
Anne Marie Lunde Husebø er førsteamanuensis ved Det helsevitskapelege fakultet.

Første gang publisert 15. desember 2015.

Husebø har, i tillegg til å undersøka nytteverdien av å trena, også sett på kva utfordringar kvinnene hadde knytt til motivasjon for å trena i behandlingsperioden.

Husebø har funne at 150 minutt moderat intensitet fysisk aktivitet i veka bidrar til at kvinner med brystkreft held oppe fysisk kondisjon og aktivitetsnivå, og vender tilbake til same nivå av fatigue (utmattelse) som før behandling.

Regelmessig trening styrker velvære

Kvinnene i studien opplevde at regelmessig trening styrkt det psykologiske velværet deira ved at treninga normaliserte kvardagen og hjelpte dei til fokusera på det friske.

Treninga vart òg noko å strekka seg mot, og som gav dei struktur i kvardagen. Støtte og oppmuntring i nærmiljøet og frå helsepersonell vart òg framheva som ein viktig motivator for å trena.

Biverknader frå behandling er ei utfordring

På den andre sida bidrog biverknader av cellegiftbehandlinga til å redusera treningsaktiviteten. Studien konkluderer med at i ein behandlingsperiode bør all fysisk aktivitet tilpassast individuelt, basert på biverknader og kva verdi og funksjon treninga har for den enkelte.

Husebøs avhandling har tittelen Exercise during breast cancer treatment. A study of physical and psychosocial outcomes and motivational challenges.

Husebø disputerte ved Universitetet i Stavanger 11. desember 2015.