Hopp til hovedinnhold

Éin av ti har sjukepleie som førsteval

Eit år prega av koronapandemi og mykje merksemd rundt tilsette i helsevesenet, har inspirert mange til å søka helsefag i årets opptak.

Publisert: Endret:
Nesten ni prosent av alle søkerne nasjonalt ønsker å ta sykepleierutdanning (Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger).

Rekordmange ønsker å studera ved UiS. Årets søkartal viser at studiar innan helsefag framleis er blant dei mest populære både ved UiS og nasjonalt.

Helsevesenet har stått i frontlinja i møte med pandemien, og innsatsen deira har inspirert mange til å søka ein helsefaglig utdanning. Meir enn kvar fjerde søkar i Samordna opptak har helsefag på topp.

Både sjukepleiarar og andre yrkesgrupper i helsetenesta har i over eitt år stått i førstelinjen i bekjempelsen av pandemien. Også i åra framover er vi heilt avhengige av fleire flinke folk som skal bidra inn i helse- og omsorgssektoren. Derfor er det bra at det kvart år blir utdanna fleire sjukepleiarar enn året før og at det framleis er langt fleire søkarar enn er det plassar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) i ei pressemelding.

Mange vil bli sjukepleiarar

Kvar tiande søkar ved UiS har sjukepleiarutdanninga som førsteval. Sjukepleie er den utdanninga flest søkar nasjonalt, og utdanninga ligg på andre plass over dei mest søkte studieprogramma ved UiS med 817 primærsøker i årets opptak.

– Det er svært gledeleg at så mange studentar har sjukepleiarutdanninga ved Det helsevitenskapelige fakultet som førstevalet sitt. Vi er òg fornøgd med at søkartalet har vore stabilt høgt over fleire år, noko som viser at det er attraktivt å studera hos oss, seier prodekan for utdanning ved det helsevitenskapelige fakultetet, Bjørg Frøysland Oftedal.

Bachelor i paramedisin har også i år har høge søkartal og stor konkurranse om plassane med heile 13,7 primærsøkere per studieplass.

– Dette viser at bachelor i paramedisin er eit svært populært studie. Generelt ser vi at alle studiane våre er godt søkte noko som indikerer at vi treffer godt med den kompetansen helsetenestene har behov for, fortel ho vidare.

Fleire søkarar til intensivsjukepleie

Pandemien har òg synleggjort behovet for å utdanna langt fleire intensivsjukepleiarar. Ved UiS har tal primærsøkere til masterutdanninga ein oppgang på heile 93 % samanlikna med fjoråret.

– Den store auken i søkartal til intensivsjukepleie er ei gladnyheit! Det viser at mange ønsker å ta samfunnsansvar, vera i front og stå i dei svært krevjande situasjonane som pandemien har vist oss, meiner Oftedal.

UiS har òg gode søkartal til masterstudiar ved Det helsevitenskapelige fakultet. Helsesjukepleie og anestesisjukepleie er i år igjen blant dei mest søkte studieprogramma ved fakultetet.

Her kan du lesa meir om alle søkertala ved UiS.