Hopp til hovedinnhold

EU-støtte til nytt simuleringskurs innan akuttmedisin

Saman med ni partnarar, har Det helsevitskaplege fakultet ved UiS fått omlag 10 millionar kroner frå EU til utvikling av innovativt opplæringskurs innan akuttmedisin.

Publisert: Endret:
Faglærarar ved bachelor i paramedisin under simulering i HelseCampus (Foto: Elisabeth Tønnessen).

Pulisert første gang 12. agust 2020. Tekst: Cathrine Sneberg

SAFETY heiter prosjektet som har fått tildelt støtte frå EU-programmet Erasmus+ Kunnskapsalliansar.

– SAFETY har som målsetjing å standardisera utdanninga av helsepersonell innanfor akuttmedisin, fortel Thor Ole Gulsrud, avdelingsleiar for kvalitet og helseteknologi og ein av deltakarane i prosjektet.

I prosjektet går fleire europeiske universitet og selskap som utviklar simuleringsverktøy saman for å utvikle eit nytt kurs i akuttmedisin som vil bestå av både praktiske og teoretiske modular.

– Studentar vil få tilgang til eit kurs som bygger på beste praksis frå alle utdanningsinstitusjonar i Europa som tilbyr slik utdanning.​​​​​​​

Skal møte behov for akuttmedisinsk trening

Det er behov for omorganisering av den praktiske opplæringa i helseutdanning med meir fokus på simulering av pasientsituasjonar. Hensikta med SAFETY er å tilby eit kurs som adresserer behova for akuttmedisinsk trening ved utdanningsinstitusjonar i Europa som tilbyr denne type utdanning.  

Kurset vil innehalde to nye modular; ein som adresserer situasjonar der ein nøkkelperson i teamet ikkje er tilstades (til dømes ein lege eller sjukepleiar) og ein modul som adresserer situasjonar der pårørande til en pasient får panikk.

Alle dei teoretiske modulane i kurset vil tilbydast ved bruk av eit e-læringsverktøy medan dei praktiske modulane vil bli gjennomførte ved bruk av simuleringsutstyr.

Mål om ein felles europeisk praksis

UiS blir ein del av eit europeisk treningsnettverk som gjer mogleg deling av beste praksis. Ved å standardisera utdanninga kan helsepersonell arbeida ved ulike sjukehus i Europa med visse om at dei innehar same kompetanse som sine kollegaer, uavhengig av geografisk plassering.

Kurset vil fokusera på kommunikasjonsevner og tverrfagleg samarbeid.

–  Dette er viktig for å førebygga feilbehandling og redusere talet på uønskte hendingar i helsetenestene. Prosjektet er òg viktig med tanke på vår satsing innanfor simulering og e-læring. Dette styrker posisjonen vår innanfor fagområdet, seier Gulsrud.

Studentar innan spesialsjukepleie på simuleringssenteret SAFER (Foto: SAFER).

UiS involvert i alle arbeidspakkane i prosjektet

Kurset skal bygga på eksisterande beste praksis, men òg inkludera treningsbehov som kjem fram gjennom litteraturstudie og intervju av studentar og vitskapeleg tilsette.

– Vi vil få eit særskilt ansvar for å leia arbeidet med å gjennomføra ein litteraturstudie kor målsetjinga er å identifisera korleis ein skal setja saman eit optimalt team for trening ved bruk av simuleringsutstyr, seier Gulsrud.

– Vi skal òg leia arbeidet med å utvikla materiell som skal nyttast til å simulera situasjonar der pårørande til pasientar får panikk. Slike situasjonar kan ha ein negativ påverknad på teamet som jobbar med pasienten og redusera moglegheit for overleving i en akutt situasjon, legg han til.

Nye samarbeidspartnarar for UiS

Kunnskapsalliansar er europeiske samarbeidsprosjekt for høgare utdanning og arbeidslivet. Alliansane skal bidra til innovasjon i utdanning og arbeidsliv, i tillegg til å styrka kompetansen om entreprenørskap. 

10 partnarar frå 7 ulike land er involvert i prosjektet.

 Kristin Akerjordet, dekan ved Det helsevitskaplege fakultet er stolt over denne tildelinga.

– Dette er eit prestisjefylt prosjekt å vera ein del av. Det er viktig både for å styrka kvalitet i utdanningane våre og for å inngå nye internasjonale samarbeid ved fakultetet, seier ho. 

Prosjektet blir leia av Università degli studi di Foggia (Italia). Andre utdanningsinstitusjonar er University Clinic Hospital of Barcelona (Spania), Prof. Dr. CC. Iliescu Emergency Institute for Cardiovascular Diseases (Romania), og Ludwig-Maximilians University of Munich (Tyskland). Kommersielle aktørar involvert i prosjektet, ValueDo, Infotech, Laerdal Italy, Alpha Medical Concepts og Take the Wind, kjem alle frå Italia.

Peter Dieckmann, Professor II ved Avdeling for kvalitet og helseteknologi, har leidd søknadsprosessen frå UiS si side og vil vera kontaktperson for prosjektet. Dieckmann vil òg vera sentral i utviklinga av nye simuleringsscenario.

Prosjektet startar januar 2021 og går over tre år. Det har totalbudsjett på 932.779 euro, kor UiS sin del utgjer 148.679 euro (omlag 1,6 millionar kroner).