Kjersti Stormark Rabanal ved Det helsevitskaplege fakultet skal forske på trendar i hjarte- og karsjukdom blant innvandrargrupper i Noreg.

Publisert første gang 17. desember 2019. Tekst: Cathrine Sneberg
Helse vest deler ut regionale forskingsmiddel årleg, og for 2020 har Stavanger universitetssjukehus (SUS) fått rekordstore middel til forsking.
Eit av forskingsstipenda ved SUS har gått til Kjersti Stormark Rabanal, førsteamanuensis ved Det helsevitskaplege fakultet. Ho skal nytta midla til å forska på hjarte- og karsjukdommar hos innvandrarar i Noreg.
– Ved å studera trendar i hjarte- og karsjukdom blant innvandrargrupper i Noreg vil vi få ei betre oversikt over utviklinga av risikoen for hjarte- og karsjukdom hos desse gruppene. Dersom det viser seg at nokre grupper har ein aukande risiko over tid, vil det innebera at vi får identifisert grupper som det kan vera særleg aktuelt å retta førebyggande tiltak mot, seier ho.
Høgare risiko for hjarte- og karsjukdommar
Tidlegare forsking har vist at hjarte- og karsjukdommar er meir utbreidd blant innvandrarar frå land i Sør-Asia samanlikna med befolkninga elles. Forskingsprosjektet vil ha eit spesielt fokus på denne innvandrargruppa.
Nasjonale retningslinjer tilrår å berekna 10- års risiko for hjarteinfarkt eller hjerneslag ved hjelp av risikomodellen NORRISK 2. Likevel veit ein ikkje kor godt denne modellen passar for ulike innvandrargrupper. For innvandrarar frå Sør-Asia blir det tilrådde å oppjustera risikoen, men ein veit heller ikkje om denne oppjusteringa faktisk forbetrar risikovurderinga blant denne gruppa.
– Dette vil vi få svar på gjennom prosjektet då eit av forskingsmåla våre er å testa kor godt risikomodellen predikerer hjarte- og karsjukdom blant innvandrarar frå Sør-Asia, forklarer Rabanal.
Effekten av sosioøkonomi og medikamentsbruk
I prosjektet vil ein òg studera tydinga av sosioøkonomisk status og effekten bruk av førebyggande medikament har for utviklinga av hjarte- og karsjukdom blant innvandrarar i Noreg.
Gjennom ei kopling mot sentrale helseregister og demografiske data i Statistisk sentralbyrå (SSB) vil ein få moglegheita til å studera heile den norske befolkninga over ein 20 års periode. Hyppigheita av hjarteinfarkt har gått ned i majoritetsbefolkninga, men ingen studiar har så langt sett på trendar i hjarte- og karsjukdom blant innvandrarar i Noreg.
– Vi veit derfor ikkje om forskjellane mellom ulike innvandrargrupper og majoritetsbefolkninga i Noreg aukar, søkk eller er stabile, legg ho til.
Samfunnsnyttig forsking for pasient og pårørande
Generelt vil prosjektet gi viktig kunnskap som kan påverka praksis for førebyggande tiltak, inkludert førebyggande medikamentell behandling, mot hjarte- og karsjukdom blant innvandrarar i Noreg. Dette vil både ha positive samfunnsøkonomiske konsekvensar, men også positive konsekvensar for den enkelte pasienten og pårørande dens.
Gjennom prosjektet vil ein kunna få ei betre forståing av kva faktorar som bidrar til forskjellar i hjarte- og karsjukdom mellom etniske grupper i Noreg, noko som er nødvendig for å kunna jobba målretta for å jamna ut desse forskjellane. Eigne risikoutrekningar for innvandrarar justert for kjente risikofaktorar kan forbetra retningslinjene for førebygging av hjarte‐ og karsjukdommar blant innvandrarar.
Samarbeidsprosjekt
Forskningsprosjektet er forankra ved Helse Stavanger, med samarbeidspartnarar frå Folkehelseinstituttet, Universitetet i Bergen og Stavanger Universitetssjukehus.
I etterkant av tildelinga, er det òg meldt inn som eit underprosjekt til prosjektet NCDNOR - A life-course approach to noncommunicable diseases in an ageing population ved Folkehelseinstituttet leia av seniorforsker Wenche Nystad.
Avdeling for folkehelse