Hopp til hovedinnhold

Kan ultralydundervisning digitalt vera like effektivt som på campus?

Korleis kan ein løyse undervisning innan ultralyd i en pandemisituasjon, og på tvers av landegrenser, på best mogleg måte? Dette vil forskarar ved UiS finne ut av.

Publisert: Endret:
Skjermbilde av digital undervisning i ultralyd
På bildet ser ein ein student som får opplæring i ultralydretteia innlegging av perifert venekateter (PVK).

Først publisert 29. september 2020. Tekst: Cathrine Sneberg

Ultralyd er eit medisinsk bildeverktøy som historisk har vorte brukt av medisinske spesialistar som radiologar og innan kardiologi. I løpet av dei siste åra det vorte tatt i bruk hos i ei rekke spesialitetar, og fleire utdanningsinstitusjonar integrerer ultralyd i studieplanen til relevante studiar.

– Eit døme på dette er innan paramedisin. Ultralydmaskiner er no tilgjengelege som handhaldne einingar som gjer det enkelt og praktisk å bruka i ein ambulanse eller ved sengekanten til pasienten, fortel Victoria Vatsvåg.

Ho er utdanna radiograf med mastergrad i ultralyd, og stipendiat innan temaet ved Det helsevitskapelege fakultet ved UiS.

– Men det er ei ny evne som må lærast og haldast oppe, i tillegg til alle andre evner som blir kravde for å jobba i prehospitale tenester, legg ho kjapt til.

For det å få fram gode ultralydbilde som lèt seg tolka er svært brukaravhengig. Erfaring hos helsearbeidarar verkar derfor som ei avgrensing for utbreidd bruk av denne teknologien. 

Gjer betre avgjerdsgrunnlag i feltet

UiS tilbyr kurs i ultralyd for masterstudentar i prehospital akuttmedisin. Kurset legg vekt på dei grunnleggande teknikkane for å kunna bruka ultralyd effektivt og trygt i akuttmedisin, på ein måte som kan gje auka pasienttryggleik mellom anna gjennom betre avgjerdsgrunnlag for helsearbeidaren.

Med studentar busett i både inn- og utland blei det ei ekstra utfordring for Vatsvåg og hennar kollegaer å sikra eit godt læringsopplegg denne hausten. Samtidig som koronaviruset blussar opp i mange europeiske land, inkludert Noreg, gjer universitetet sitt beste for å tilby studentar undervisning, til dømes gjennom ulike digitale plattformer.

– Fleire ultralydeiningar kjem med integrerte løysingar som mogleggjer digital fjernundervisning via videokonferanse. Dette er noko vi ser på som ei løysing på problema vi står overfor i år, seier Vatsvåg.

Vatsvåg er ansvarleg for kurset denne hausten, men ho har heldigvis med seg lang erfaring frå undervisning i ultralyd og i opplæring til helsearbeidarar som jobbar offshore via videokonferanse.

Tele-rettleia ultralyd

Å kopla ekspertar til uerfarne ultralydbrukarar, i dette tilfellet studentar med liten eller inga ultralydkompetanse, via videokonferanse blir ofte refererte til som tele-rettleia ultralyd.

Metoden er godt beskrive i litteraturen, men det er likevel få studiar som utforskar effektiviteten av denne.

–  Vi ser på denne tvungne situasjonen som den perfekte tida for å gjennomføra ein studie som utforskar nettopp dette, legg Vatsvåg til.

Studien vil ha to samanliknbare grupper av nybegynnarar innan ultralyd. Studentar frå masterprogrammet i prehospital akuttmedisin vil få opplæring digitalt i løpet av hausten, og eit fleirtal av studentane vil få nødvendig utstyr sendt heim til seg i posten. Vatsvåg vil òg rekruttera studentar frå eit anna helserelatert studieprogram til standard opplæring på campus. Dei vil forhåpentleg kunna få opplæring i løpet av våren 2021.

Er fjernundervisning i ultralyd like effektiv som opplæring på staden?

– Studien prøver å visa at effektiviteten til tele-rettleia ultralydstrening ikkje er uakseptabelt dårlegare samanlikna med standard trening i klasserommet, fortel forskaren.

Begge gruppene vil få tilgang til eit e-læringsprogram i god tid før treningsdagen. Før den praktiske opplæringa vil studentane få oppsummeringsforelesningar i mellom anna ultralydundersøking av hjartet, oppdaging av punktert lunge og test for bløding etter traume. Den eine gruppa digitalt og den andre i klasserom.

– Etter kvart foredrag vil eg rettleia studentane gjennom praktisk trening. Dei som får opplæringa digitalt må sjølv finna ein person dei kan øva på, påpeikar ho.

Kvar student vil gjennomføra ein test etter e-læringsprogrammet og ein ny test 1-3 dagar etter den praktiske undervisninga. Dei blir testa i både teoretiske og praktiske ferdigheiter for å avdekka evna deira til å tileigna seg, tolka og initiera funn i den kliniske konteksten.

Simulering av undersøkelse på skadested
Øving i HelseCampus der ambulansearbeidar tar i bruk av ultralyd som ein del av pasientundersøkinga på skadestad (Foto: Hilde Garlid, Validé)

Førar sjukehuset nærmare pasientane

– Vi ser på dette som ein svært relevant studie med tanke på den noverande pandemisituasjonen. Universiteta jobbar hardt for å tilpassa undervisninga som skal givast digitalt, og vi presenterer ein studie som er godt eigna for dette, forklarar Vatsvåg.

Doktorgradsprosjektet hennar tar for seg nettopp det; kvalitet, gjennomføring og utbytte av tele-rettleia ultralydundervisning og kliniske undersøkingar.

– Eit positivt resultat av denne studien kan påverka korleis vi leverer ultralydkurs i framtida. Tele-rettleia ultralydtrening kan vera til stor nytte, ikkje berre for studentane i denne pandemisituasjonen, men for alle helsearbeidarar som jobbar i eksterne omgivnader med avgrensa tilgang til utdanna trenarar, avsluttar ho.

For det overordna målet med auka kompetanse i ultralyd er å føra helsearbeidarar i spesialisthelsetenesta nærare pasientar som er langt unna sjukehus, og dermed sikre betre og tryggare tenester til befolkninga.