Kontrastfylt møte med nytt liv

Ein fødsel er ei tid for glede over det nye livet. Men når barnet blir fødd for tidleg på grunn av svangerskapsforgifting er opplevinga fylt av kontrastar

Published Sist oppdatert
I nokre tilfelle vart den første tida som foreldre prega av at familien ikkje var samla (Foto: Line Owren Fotografi/SUS).

Publisert første gang 7. november 2018. Tekst: Astri Sivertsen

– Samtidig som dei opplevde gleda ved å bli foreldre, vart dei konfronterte med liding i form av alvorleg sjukdom og for nokon ein mogleg død, fortel Inger Emilie Værland. Ho disputerte i helse og medisin ved Det helsevitenskapelige fakultet på Universitetet i Stavanger 16. november 2018.

I avhandlinga formidlar den erfarne intensivsjukepleiaren perspektivet til foreldra på det å oppleva alvorleg sjukdom samtidig som dei vart foreldre. Dette er ei spesielt sårbar gruppe på barsel- og nyfødtavdelingene som det har vore forska lite på. Også opplevingane til fedrane var viktig å få med, sidan dei er lite kjente frå før.

Værland intervjua ni mødrer og seks fedrar i to omgangar, like etter fødselen og når mor og barn vart utskrivne frå sjukehus. Alle barna var fødde før veke 34, og foreldra sokna til fire sjukehus som var spreidde over heile landet.

Ein skjellsettende erfaring

Svangerskapsforgiftning kan ifølgje Værland vera ein skjellsettende erfaring, der mora i dei alvorlegaste tilfella svevar mellom liv og død.

– Erfaringa vart endå meir komplisert når kvinna fekk eit for tidleg fødd barn, og barnet vart overflytta til nyfødtavdelingen.

På nokre sjukehus er det langt mellom barsel- og nyfødtavdelingen. Nokre stader måtte mødrene fraktast i ambulanse når dei skulle besøka barna sine.

Dermed vart den første tida som foreldre prega av at familien ikkje var samla.

– Dei heldt til den første tida i framande omgivnader. Dette gjorde at dei vart fremmedgjort i forhold til eige barn og foreldrerollen, seier ho.

Følte seg halde auge med

Fleire av informantane fortalde om påkjenninga ved å måtta dela rom med mange andre, og ubehaget ved å føla seg halde auge med i ein sårbar situasjon.

– For mange er det vanskeleg å ha folk så tett innpå seg. Ei av mødrene følte at ho måtte kviskra til barnet, fortel Værland.

Når mor og barn var skilt, følte fedrane seg delt mellom den sjuke mora på intensivavdelingen og barnet i nyfødtavdelingen. Dei prøvde å støtta mor, etablera kontakt med det nyfødde barnet og ta vare på eventuelle søsken. Dei vart fedrar i det offentlege rommet, noko dei ifølgje Værland tilpassa seg i varierande grad.

Etterlyser felles retningslinjer

Basert på doktorgradsarbeidet har Inger Emilie Værland ei klar tilråding.

– Mor og barn bør behandlast saman, og foreldre og barn bør få bu saman på eitt rom, seier ho, og legg til:

– Det bør vera felles retningslinjer på sjukehusa for at mor og barn skal vera mest mogleg saman. Og samarbeidde mellom avdelingane - til dømes barsel- og nyfødtavdelingene - bør bli betre.

Inger Emilie Værland vart utdanna intensivsjukepleiar i 1991, og tok ei master i helsefag i 2008. Sidan år 2000 har ho vore tilsett på nyfødtavdelingen på Stavanger Universitetssjukehus (SUS), der ho no er fagutviklingssykepleier.